Kanonsal av skikort via mCASH

Før nyttår kunne ein sikre seg sesongkort ved Volda Skisenter til superpris ved å handle gjennom mCASH.

Blant alle som handla sesongkort trekte Volda Skisenter ut ein heldig vinnar av ein iPhone! Den heldige vinnaren vart Sivert Ose Bjørneset.

Vellukka kampanje

– For oss i skisenteret er det flott at folk gjer handelen på førehand. Då slepp vi så mykje kø i kiosken, så mCASH har vore til god hjelp for oss her, seier Einar Heltne. Kvart år bruker vi å selje sesongkort til rabattert pris med stor suksess! Men i år var det fleire enn nokon gong som handla sesongkort til superpris.

Bjørn Egil Espenakk frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre ønskjer å hjelpe fleire over på betalingstenesta mCASH. Fleire lag og foreiningar ser behovet for å tilby eit betalingsalternativ for kontantar. Folk har mindre kontantar tilgjengeleg enn tidlegare og då er det viktig å kunne ta betalt for varene eller tenestene på ein enkel måte.