Eit enklare spleiselag får ting til å skje

Spleis er ein ny og superenkel måte å samle inn pengar til klasseturen, korpset, nye fotballdrakter, utdrikningslaget eller slektstreffet.

Er du lei av loddbøker og dorullsal? Skulle fotballklubben hatt fleire portable mål? Hadde det blitt gøyare på søndagsskulen med ei sklie? Kva med ny projektor og playstation til ungdomsklubben?

-Kvifor ikkje starte ein spleis og få det gjort? Ein spleis skapar engasjement og ikkje minst eigarfølelse hos dei som gir, seier Robert Bratteberg i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Slik gjer du det

  • Opprett ein brukar gratis på spleis.no.
  • Fortell kva du treng pengar til og kvifor. Sett eit mål for innsamlinga, og du er klar på 30 sekund.
  • Del innsamlinga di med venene dine på Facebook, sms og e-post slik at dei som heiar på deg kan gi pengar og følgje med på korleis det går.
  • Når du har samla inn dei pengane du treng blir dei utbetalt – og du kan gjennomføre målet ditt.
  • Gjevarane kan støtte saka di med både mCASH og kort. Løysinga fungerer fint på mobil og i alle nettlesarar.

Både for privatpersonar og foreiningar

Årleg vert det overført rundt 45 milliardar kroner frå nordmenn til ideelle og frivillige organisasjonar, i tillegg til at folk står på dugnad for desse organisasjonane. Spleis er laga for både lag og foreiningar, men også privatpersonar som vil starte pengeinnsamling.

-For eksempel er dette ei god løysing for han som vil springe Marathon eller sykle verda rundt for å samle inn pengar til ei god sak. Det tar berre eit par minutt før du er oppe og går med ein spleis. Å lage ein Spleis skal vere så enkelt at folk blir glad i tenesta.

Dei som gir får vite at målet er nådd

Lag og foreiningar må betale 5% av innsamlingssummen for å bruke Spleis, medan det for privatpersonar førebels er gratis. Spleis er eit transparent system, det betyr at du kan du sjå kven og kor mange som har bidratt – og kor mykje som er samla inn. Når ein Spleis har nådd målet sitt får dei som har gitt pengar automatisk tilbakemelding om at prosjektet er i mål.

Det gir folk ei god kjensle å ha medverka til at eit konkret prosjekt blir gjennomført. Spleis eignar seg derfor best for konkrete føremål som ikkje er for omfattande. Vi anbefalar å starte ein Spleis for enkeltobjekt som eit nytt biljardbord framfor eit nytt klubbhus. Store prosjekt bør heller «etappefinansierast».