Nye reglar: Aksjesparekonto gjer det enklare å spare i aksjer

Regjeringa sitt forslag til aksjesparekonto er no vedtatt i Stortinget. Den gjer det meir attraktivt for privatpersonar å spare i aksjer og aksjefond.

–  Med aksjesparekonto kan privatpersonar samle alle plasseringane sine i aksjer og aksjefond på ein stad. Regjeringa sitt mål med den nye ordninga er å gjere det enklare og meir gunstig for privatpersoner å flytte sparepengane mellom ulike aksjer og fond, og på den måten bidra til at småsparane i større grad investerer i norske bedrifter, fortell fagleiar Private Banking Ole Magnus Orlien i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Han forventar at produktet er klart i løpet av første halvdel av 2017.

–  Det unike med aksjesparekontoen er at ein kan handle aksjer og aksjefond utan å utløyse gevinstbeskatning, så lenge verdien av salet blir beholdt på aksjesparekontoen. Altså kan du selje eit fond med gevinst og reinvestere heile beløpet på nytt. Du må fortsatt betale skatt når gevinsten blir realisert, men det skjer først når pengane blir tatt ut av kontoen.

Aksjesparekonto er for aksjesparing

Det betyr ikkje at du kan handle kva som helst gjennom aksjesparekonto.

–  Hensikta er å fremme eigarskap i norsk næringsliv. Samtideg må politikarane ta hensyn til EØS-avtalen, som innehold krav om likebehandling, seier Orlien.

Det betyr at du sannsynlegvis vil kunne handle aksjer notert i andre EØS-land, men ikkje for eksempel amerikanske. Aksjefond registrert i Norge som investerer i globale aksjer går derimot fint. Aksjesparekontoen gir såleis også ei mulegheit til å samle aksjeandelar på tvers av ulike fondsleverandørar på ein stad – på den måten får ein også betre oversikt over sparinga si.

Fredningsperiode

For å forenkle overgongen til aksjesparekonto ønskjer ein å opprette ei fredningsperiode. Det betyr at det vil bli muleg å overføre aksjer og fondsandelar med urealiserte aksjegevinstar til aksjesparekontoen utan at flyttinga utløyser skatt. Overgongsperioda vil truleg gjelde ut skatteåret 2017. Eventuelt unytta skjermingsfrådrag vil følje med over. Inngongsverdien på fondsandelane som blir flytta over vil setjast til det dei var då dei blei kjøpt.

Nokon av fordelane:

  • Du får utsatt skatt på gevinstar frå sal av aksjer og aksjefond så lenge verdien av salet blir innanfor kontoen. Eventuelle tap kjem til frådrag mot opparbeida gevinstar innanfor kontoen
  • Gevinsten kan nyttast til reinvesteringar i nye aksjer/aksjefond
  • Du beheld skjermingsfrådraget

Du får utsetjing av skatt på uttak frå kontoen: Uttak heilt opp til sum innskot og opparbeida skjermingsfrådrag er fritatt for skatt. Kun uttak som til slutt et av gevinsten er skattepliktig.

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har oppretta ei nettside der det blir lagt ut oppdatert informasjon om aksjesparekonto.

Kontaktperson

Ole Magnus Orlien
Avdelingsbanksjef Ørsta
Telefon