Over 100 bankar går saman om Vipps

Vi viser til dagens pressemelding om felles banksatsing på Vipps.

SpareBank 1 Søre Sunnmøre er svært positive til denne samarbeidsavtalen. På lag med SpareBank 1- alliansen og øvrige norske bankar, går vi no saman om ei felles norsk mobil betalingsløysing.

– Vi meinar dette er det klart beste alternativet for norske bankkundar og for kundar i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, seier Banksjef privatmarknad Hallvard Bjørneset. Satsinga vår på mCASH har tatt ein solid posisjon i marknaden på kort tid, men det beste for kundane våre er at bankane kjem fram til ei løysing gjennom ein sterk og tydeleg aktør. Derfor går no dei aller fleste norske bankar saman om å lage ei felles mobil lommebok for alle norske bankkundar.

mCash vil leve vidare inntil det nye og forbetra produktet er klart. Kundane våre som i dag bruker mCASH vil sjølvsagt blir invitert og oppfordra til å bli med over i det nye selskapet. I det nye selskapet vil dei få behalde dei same gode mulegheitene som dei har hatt som brukarar av mCASH, og vil framover få ta del i nye spennande og innovative tenester. Inntil dette er på plass, kan både mCASH-brukarstader og mCASH-brukarar fortsette å bruke mCASH som før.

Vipps har hittil vore ein del av DNB-konsernet, men blir no lagt til eit frittståande selskap der DNB blir største eigar med omtrent 52 prosent av aksjane. SpareBank 1-alliansen skal eige 25 prosent, dei sjølvstendige sparebankane 12 prosent, Eika Alliansen 10 prosent og Sparebanken Møre 1 prosent.

Vi opplever ein marknad der stadig fleire aktørar kappast om å lansere eigne løysingar for mobil betaling. For mange er dette forvirrande, enten ein skal betale eller ta imot betaling. Vi har heile tida håpt at finansmarknaden ville samle seg om ein felles teknologi og no skjer det.