Fornyar samarbeidet med X2 Festivalen

X2 Festivalen satsar vidare med SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Vi er glade for å kunne fornye samarbeidet med SpareBank 1 Søre Sunnmøre med tre nye år! Vi har hatt banken med på laget sidan starten, og dei har vore hovudsponsor for oss sidan 2014, seier Eirik Vaage.

 

Samarbeidet har spelt ei viktig rolle i utviklinga av festivalen dei siste åra. No ser både banken og X2 Festivalen fram til folkefest etter påske. I år blir X2 Festivalen arrangert 20 april og det er då den tolvte gongen X2 Festivalen blir arrangert.

– SpareBank 1 Søre Sunnmøre har hatt ei sentral rolle for X2 Festivalens utvikling siste 3 år, det var difor veldig ønskjeleg å få vidareført dette samarbeidet, seier festivalsjef Eirik Vaage.

I 2016 tok X2 Festivalen i bruk mCASH på festivalområdet. Dette gav publikum ein enklare og kjappare måte å handle på. Dermed var det ikkje behov for så mange av dei kostbare betalingsterminalane og handtering av kontantar. Vidare satsing på digitalisering er viktig både for festivalen i åra framover.

Sjølv om festivalen ikkje startar før etter påske, tjuvstarta festivalen no lauradg 4. februar. Då blir det lanseringsfest, der årets artistar, foredragshaldarar og andre nyheiter skal presenterast på Rokken.

Fakta om X2 Festivalen:

Etablert som eit av europas tøffaste tindebestigningskonkurransar i 2005, der Nivane og Saudehornet skulle begge bestigast på kortast muleg tid. Har seinare utvikla seg til å bli ein fullblods ekstremsportfestival, med sportar på snøv, fjell, asfalt, sjø og i lufta. Festivalen har årleg rundt 3500 besøkande, i tillegg til fleire hundre deltakarar og frivillige. Det blir i 2017 rundt 18 sportsarrangementer og tilsaman 50 arrangementer med foredrag, konsertar og liknande.

Meir om X2 Festivalen finn du på nettsida http://x2festivalen.no/festivalhistorie/