Kunderådgjevar Lillian Hellebust

Derfor lønner det seg å spare i BSU

Klarer du å spare litt over 2 000 kroner i månaden? Då har du i løpet av eitt år fått 200 000 kroner meir å kjøpe bustad for!

Mange er ikkje klar over kor mykje BSU-sparinga faktisk betyr når du ein gong skal kjøpe bustad. Kunderådgjevar Lillian Hellebust i SpareBank 1 Søre Sunnmøre har satt opp eit lite reknestykke som viser korleis sparing i BSU gjer at du raskt kjem nærmere målet om å kjøpe din eigen bustad.

Det enkle reknestykket

Ved å spare 2 083 kroner i BSU i 12 måneder har du 25 000 kroner meir på konto ved årets slutt enn ved starten av året. Staten bidreg til sparinga di ved å gi deg 20 prosent skattefrådrag på sparebeløpet ditt, altså 5 000 kroner rett i  lomma når du har spart 25 000 som er det du maks kan spare i året. Viss du sparar skattefradraget på 5000, har du på eitt år auka sparepotten din med 30 000 kroner.

For å få bustadlån må du ha 15 prosent i eigenkapital. Det betyr at 30 000 kroner i sparing på ett år gjer at du kan låne 170 000 kroner meir i banken. Det du har spart, saman med det du kan låne, gjer at du får 200.000 kroner meir å kjøpe bustad for enn året før.

Og det for berre 2 083 kroner i månaden, eller 25.000 kroner i året. Samtidig får du bank-Norges aller beste sparerente på BSU-kontoen.

—Eg kjenner ingen spareordning som er så gunstig som BSU. I tillegg går det sjølvsagt ann å spare utover BSU. For den målbevisste sparar er kjøp av eigen bustad så absolutt innan rekkevidde i løpet av nokre år, seier Lillian Hellebust.

Det er lønsamt å spare i BSU!

Fakta om BSU

  • Du kan spare i BSU frå det året du fyller 13 t.o.m. året du fyller 33.
  • Du kan spare inntil 25 000 kroner i BSU per år, maksimalt 300 000.
  • Du får 20 prosent av sparebeløpet i skattefrådrag, maks 5 000 kroner per år
  • Du må ha skattbar inntekt for å få skattefrådraget, altså tjene meir enn frikortet.
  • Sparepengane må brukast til kjøp eller nedbetaling av bustad, ikke oppussing. Elles må skattefrådraget betales tilbake.

Fleire fakta

  • Du vel sjølv kor mykje du vil spare kvart år. Du kan også ta pause i sparinga.
  • Når du tek ut meir enn årets innskot, kan du ikkje fortsette sparinga.
  • Du kan starte BSU-sparing berre ein gong.
  • Du må starte BSU-sparing før du kjøper bustad.

Kontaktperson

Lillian Hellebust
Kunderådgjevar
Telefon