Næringslivsprisen går til Norhus Ørsta. F.v. Sverre Haugen, Sigrun Heltne Vartdal, Einar Holsvik, Lauritz Holsvik, Hans Olav Myklebust og Stig Brautaset.

Norhus Ørsta får næringslivspris

-Vi ser at Norhus Ørsta stettar fleire av statuttane som skal til for å tildelast næringslivsprisen, og er difor ein verdig vinnar, seier Sigrun Heltne Vartdal.

Norhus Ørsta AS / Tema Holding konsernet har vore ein viktig bidragsytar i lokalmiljøet for at folk skal få realisert draumen om eigen bustad. Mange av bygga deira har ein tydeleg arkitektur og er lett gjenkjennelige som «Norhus leilegheiter».

Har utvikla seg over tid

Norhus Ørsta AS kan sjå tilbake på meir enn 20 år som bustadleverandør i Norge. Det heile starta i 1996. Selskapet har drive i 20 år , kvart år med overskot, og har utvikla seg gradvis til å bli eit av dei leiande bustadbyggjeselskapa i regionen vår.

Meir enn Ørsta

Lauritz Holsvik, som er leiar og ein av grunderane i det lokale Tema Holding-konsernet, har i tillegg vore med på å bygge opp eit landsdekkande kjedekonsept under Norhus Norge-paraplyen. Norhus er meir enn Norhus Ørsta AS – kjeda har i dag 18 salskontor i 10 fylke, og kjeda er i vekst. Målet til kjeda er å bli ein av dei største bustadbyggarane i landet på sikt. I løpet av desse åra har kjeda bygt nær 2 800 hus og moderne leilegheiter i fleirmannsbustadar. Dette omfattar både store og små prosjekt. Prosjektbustadmarknaden er ein veksande marknad for Norhus-kjeda. Dei ser at endring i livsstilsmønsteret til folk gjer at bustadmarknaden etterspør stadig fleire leilegheiter og fleirmannsbustadar, og nettopp derfor er dette et satsingsområde for kjeda.

Gjennom stadige oppkjøp har konsernet vore med på ei rivande utvikling i bustadmarknaden både lokalt og nasjonalt. Konsernet kan i dag tilby oppføring av alt frå einebustadar, til leilegheiter, fleirmannsbustadar og hytter. Samstundes som dei har jobba hardt med å effektivisere byggeprosessane for å halde kostnadane nede.

Om SpareBank 1 Søre Sunnmøre sin næringslivspris

SpareBank 1 Søre Sunnmøre ønskjer å gi av overskotet tilbake til lokalsamfunnet. Næringslivsprisen er med å trekke fram bedrifter eller personar som har fremma utviklinga i lokalsamfunnet vårt.

  • Næringslivsprisen kan gjevast til ei bedrift eller ein person.
  • Har fremma utviklinga i lokalsamfunnet vårt.
  • Har stått for nyskaping innan produktutvikling, marknadsutvikling eller produksjonsmetode.

Meir om næringslivsprisen og tidlegare tildelingar finn du på banken si nettside.

Næringslivsprisen vart overrekt under generalforsamlingsmøte 13. mars 2017 på Hotell Ivar Aasen.

På bilete f.v:
Sverre Haugen, Sigrun Heltne Vartdal, Einar Holsvik, Lauritz Holsvik, Hans Olav Myklebust og Stig Brautaset.

Kontaktperson

Sigrun Heltne Vartdal
Banksjef bedriftsmarknad
Telefon