Smart bilforsikring gir tryggare køyring

SpareBank 1 kjem no med smart bilforsikring, som skal motivere til og belønne tryggare køyring. – Utviklar vi forsikringar som påvirkar oss til tryggare atferd, kan det få stor samfunnsmessig betydning, seier Fredrik Langlo, Regionbanksjef i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Smartforsikringar kjem no til Noreg. Dette er ein ny kategori forsikringar som ved hjelp av teknologi og data motiverer til og belønner atferd som reduserer risikoen for skader og ulykker.

– Med smartforsikringar utnyttar vi mulegheitene som ligg i teknologi og data på ein smartare måte. Vi går vi frå å rykke inn etter skade til å forebygge at skaden skjer. Potensialet for samfunnsmessige innsparingar er enormt, seier Fredrik Langlo.

SpareBank 1 kjem først med smart bilforsikring.

Trygg køyring skal løne seg

Køyrer sjåføren med flyt – mindre bråbrems, hard akselerasjon og bråsvinging – oppnår ein god køyrescore. Hensikta er å gjere kundane til tryggare sjåførar og forebygge skader og ulykker på norske vegar. Kundane vil dessutan oppleve at forsikringane blir rimelegare etter kvart som dei lærer korleis dei kan køyre tryggare og oppnå høg køyrescore. I den nyutvikla appen Spinn kan sjåførane få direkte tilbakemelding om køyreatferda si undervegs, eller seinare i appen si køyredagbok.

Trygg Trafikk er ein landsdekkande organisasjon som arbeider aktivt for å forebygge ulykker i trafikken, og ønskjer smart bilforsikring velkomen.

– Kvart år døyr eller skadast eit betydeleg antal nordmenn fordi dei køyrer hardt og ikkje er merksame nok i trafikken. Vi i Trygg Trafikk ønskjer færrast mogleg ulykker på vegen, og teknologiske løysingar som motiverer til betre flyt i trafikken er eit viktig steg i rett retning. God flyt krevjer merksemd, og god merksemd reddar liv, uttalar Jan Johansen, direktør i Trygg Trafikk.

Nordmenn ønskjer seg smartforsikringar

Ei fersk undersøkjing gjennomført av analysebyrået Respons Analyse for SpareBank 1* stadfestar at kundane ønskjer smartforsikringar velkomne. Før den nye kategorien av forsikringar har inntatt marknaden, svarer nær halvparten av norske bileigarar (47 prosent) at dei meiner ei smartforsikring for bil som belønner tryggare køyring, er aktuelt for dei.

Samtidig meiner ein av tre at dei sjølve ville blitt ein tryggare og meir merksam sjåfør dersom dei hadde ei smartforsikring som premierer god køyreatferd.

Fjernar køyrelengdeangst

Mange sjåførar opplever kvart år å få erstatningane sine redusert fordi dei har køyrt lenger enn avtalt. Med den nye forsikringa kan norske bileigarar også kvitte seg med køyrelengdeangsten, ettersom faktisk køyrelengde blir målt. Sjåføren treng ikkje å tenke på kor langt bilen køyrer, dette sørgar forsikringa for. Køyrer ein meir enn avtalt betalar ein litt ekstra, køyrer ein kortare får ein pengar tilbakebetalt.

– Mange har køyrelengdeangst og fryktar at dei skal ende opp med å få avkorta erstatninga ved ein eventuell skade. Det er ei frykt vi no fjernar, seier Bjørnar Øye, Kunderådgjevar i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Personvern sentralt

Personvern og handtering av data er viktige tema for nordmenn. Undersøkjinga viser at 67 prosent er bekymra for å oppgi persondata til bedrifter og organisasjonar generelt. Graden av bekymring er mindre når personopplysningane skal delast med eit forsikringsselskap. Berre 22 prosent seier dei er bekymra for å gjere dette.

Undersøkjinga viser at vi er komfortable med å dele informasjon om kor langt vi køyrer, fart og akselerasjon, når på døgnet vi køyrer og bilens helsetilstand – men skeptiske til å dele informasjon om kvar vi køyrer.

– Personvern og datasikkerheit står veldig sentralt i vår utvikling av nye tenester. Kundane våre skal vere trygge på at vi ikkje samlar meir data enn nødvendig, dei skal vite kva data vi samlar inn og kva dei blir brukte til, seier Fredrik.

– Kundane våre skal også vite at dataene blir behandla trygt og ikkje vil bli brukt mot dei. Vi vil for eksempel aldri bruke data om køyringa di i eit eventuelt forsikringsoppgjer. Vi samlar heller ikkje inn data som viser kvar du eller bilen er, kven som køyrer eller sit på i bilen, seier Fredrik.

Smart bilforsikring frå SpareBank 1 vil vere tilgjengeleg for kundane rett over påske.

Tips til tryggare køyring:

  • Følg flyten i trafikken
  • Ha blikket på vegen
  • Ikkje stress
  • Konsentrer deg om køyringa
  • Tenk over at det uforutsette kan skje

Slik veit du om du har god flyt i køyringa

  • God plan for køyring gir god flyt
  • Hald jamn fart, unngå gassing
  • Brems ned tidleg, unngå bråbremsing
  • Er det behageleg å sitte på, er det ofte god flyt
  • God merksemd gir god flyt

(Kjelde: Trygg Trafikk)

Samarbeider med TomTom Telematics

Smart bilforsikring brukar teknologi frå TomTom Telematics, som samlar, analyserer og overfører data om korleis bilen blir køyrt. Data vert samla inn via ein smartplugg i diagnoseporten i bilen, og overførast via bluetooth til appen Spinn.

Her kan du lese meir om samarbeidet med TomTom Telematics.

* Undersøkjinga er gjennomført av analysebyrået Respons Analyse på oppdrag frå SpareBank 1 og inkluderer 1688 respondentar frå heile landet.

 

På bilete f.v:
Ole-Christian Heltne, Fredrik Langlo (i bilen) og Bjørnar Øye.