Aksjesparekonto – ein skattegåvepakke til folk flest

Til sommaren kan du flytte pengane du har spart i aksjefond skattefritt inn på ein aksjesparekonto i SpareBank 1. Du kan også enkelt flytte aksjefond frå andre leverandørar inn på den same kontoen.

– Innanfor aksjesparekontoen kan du reinvestere i andre aksjar og aksjefond utan å betale skatt på sala. Du må heller ikkje betale skatt før du tar ut eit beløp som er større enn det du opprinneleg har investert, fortel Ole Magnus Orlien i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Sett inn pengane i år

– Den gunstige overgangsregelen gjeld for 2017. Alle som har urealisert gevinst på pengane sine i aksjar eller aksjefond bør derfor overføre desse til ein aksjesparekonto før utgangen av 2017. Slik det ser ut i dag vil det etter 2017 bli utløyst skatt på vanleg måte, seier Orlien.

Klart til sommaren

Vi anslår at aksjesparekonto frå SpareBank 1 vil vere tilgjengeleg i marknaden i løpet av sommaren 2017. Som følge av stor interesse for den nye ordninga har SpareBank 1 Søre Sunnmøre oppretta ei nyheitsgruppe for dei som vil halde seg orientert om nyheiter om aksjesparekonto fram til den kjem. Meld di interesse her.

– Langsiktig sparing i form av ein fast spareavtale har dessutan vist seg å vere svært lønsamt for dei aller fleste. Om du starta ein spareavtale på 1.000 kroner månaden i Odin Norden i januar år 2000, vil du no ha 540.958 kroner fråtrekt forvaltningskostnader (herav avkastning 333.598 kroner). Til samanlikning ville sparing i bank ha gitt deg om lag 250.000 kroner i same periode (herav avkastning 43.000 kroner), avsluttar Ole Magnus Orlien.

Kva er neste steg?

Sjekk dine mulegheiter for sparing på sparebanken.no eller ta kontakt med oss på telefon 70070000 for å avtale ein rådgjevingssamtale med ein finansiell rådgjevar.

Kontaktperson

Ole Magnus Orlien
Avdelingsbanksjef Ørsta
Telefon