Fornyar samarbeidet med KFUM Volda Vollyball

Fornyar sponsorsamarbeidet med KFUM Volda Volleyball

Volleyballklubben satsar vidare saman med SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Leif Røv og Rune Aarflot er glade for å kunne vidareføre det gode samarbeidet med SpareBank 1 Søre Sunnmøre med tre nye år! – Vi har hatt banken med på laget dei tre siste åra og no ser vi fram til eit godt samarbeid i minst tre år til, seier Rune Aarflot. 

Samarbeidet har spelt ei viktig rolle i utviklinga av klubben dei siste åra. No ser både banken og KFUM Volda Volleyball fram til eit vidare samarbeid. Klubben var på 80-talet ein toppklubb i Noreg, og spelte kampar i Europaligaen. No er klubben ein av dei største breiddeklubbane i heile landet! Tredje størst frå Sogn og Fjordane og nordover, og nest størst frå Møre og Romsdal og nordover.

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har hatt ei sentral rolle for utviklinga av KFUM Volda Volleyball. Ikkje berre bidreg banken med viktig sponsorstøtte for å løfte klubben, men også på td. betalingsformidling. Volleyballklubben tek i dag mot betaling med mCASH. Dette gjer at klubben ikkje har behov for å skaffe seg ein kostbar kortterminal og likavell ha eit godt betalingsalternativ til medlemmane. Når kioskløysinga til mCASH blir konverterer til Vipps blir det endå enklare å ta betalt då Vipps er meir etablert blant folk flest.

Les meir Over 100 bankar går saman om Vipps

Klar for ny hall i Volda

Volda Handball og KFUM Volda Volleyball ser fram til Volda Campus Arena blir ein realitet. I mange år har det blitt kjempa om ny idrettshall i Volda. Det er tenkt at den nye idrettshallen skal ligge på Joplassen i Volda, og skal innhalde minst to speleflater. Vidare kan det bli aktuelt med ei tredje speleflate og symjebasseng. SpareBank 1 Søre Sunnmøre er med på laget. – Banken har fått presentert eit veldig godt og gjennomtenkt prosjekt som deler den visjonen SpareBank 1 Søre Sunnmøre har for lokalmiljøet, seier Hallvard Bjørneset.

På bilete;
Frå venstre Hallvard Bjørneset frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Rune Aarflot KFUM Volda Volleyball og Leif Røv KFUM Volda Volleyball.