Ole-Christian forran Volvo

Lønner det seg å putte bilen inn i bustadlånet?

Er det sant – eller ei myte – at billån er så mykje dyrare enn å legge kostnaden ved det nye bilkjøpet inn i bustadlånet?

Statistisk sett kjøper du deg ein ny bil kvart fjerde år. Når du står der med nye bilnøklar i handa er det ofte lettare å seie ja takk til eit høgare bustadlån enn eit nytt billån. Det blir fort ei dyrare løysing.

Dei totale rentekostnadane blir lavare med billån

-Samanliknar du eit billån og bustadån med lik nedbetalingstid så er det svært liten forskjell på beløpet du betalar kvar månad, og totalprisen for heile låneperioda. Fordelen ved å velje billånet er at du ikkje binder opp ledig eigenkapital i bustaden din, seier Ole-Christian Heltne, kunderådgjevar i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Rentekostnadane ved å bake bilen inn i eit vanleg bustadlån med 25 års betalingstid gjer at totalprisen blir langt høgare enn for eit billån.

Han tek utgangspunkt i eit lånebeløp på kr. 250.000,-, som er gjennomsnittleg lånebeløp på nye billån.

Avdekk skjulte kostnadar

-Ein stor del av folk sin privatøkonomi går til bilhald, men det er ikkje alltid lett å sjå det når kostnadane blir skjult i bustadlånet. Det er sunt å synleggjere kostnadane fordi det gir betre kontroll på eigen økonomi. I tillegg gjer det deg antakeleg meir bevisst på kva bil du kjøper. 

Reknestykket:

Rente bustadlån 2,90 %
Rente billån 3,95 %

Lånebeløp 250.000

Bustadlån med nedbetalingstid 25 år
Månadskostnad 1.173
Totalkostnad   351.483

Billån med nedbetalingstid 5 år
Månadskostnad 4.598
Totalkostnad 275.880

Bustadlån med nedbetalingstid 5 år
Månadskostnad 4.481
Totalkostnad 268.831

Her kan du sjekke kva eit billån vil koste deg og få rask svar på søknaden

 

Bustadlånprisane flatar ut – bruk bustadlånet til bustad

Kunderådgjevar Ole-Christian Heltne seier det er ein fordel å ha ledig eigenkapital i bustad til andre investeringar enn bil.

-Dei siste 20 åra har folk flest ved hjelp av sterk bustadprisvekst fått høgare eigenkapital i bustad, og mange har brukt denne til å låne til forbruk, bil og oppussing. Med vedvarande lav rente har dei fleste klart å hanskast fint med den betydelege gjeldsauka trass i at lønnsveksten ikkje har vore tilsvarande høg. Med dei bustadprisane vi har i regionen vår no kan det løne seg å bruke eigenkapitalen i bustaden til nødvendig vedlikehald på bustaden. Det gir deg også mulegheit til hjelpe borna inn i bustadmarknaden ved å stille sikkerheit i eigen bustad.

Kontaktperson

Kundesenteret
Telefon