No kan du enkelt sperre kortet ditt frå mobilen

Har du mista eller blitt fråstolen kortet ditt? Då har du sikkert kjent på panikken. Det er då viktig at du får sperra kortet ditt slik ikkje andre kan bruke det. No kan du enkelt sperre kortet ditt i mobilbanken og samtidig bestille deg eit nytt. Uansett kvar du er i verda.

I SpareBank 1 sperrar vi cirka 70 000 kort i året. No kan du i stadanfor å ringe oss, sperre kortet sjølv i mobilbanken og i nettbanken. Du kan også velje å sperre kortet i 48 timar, for så å opne det igjen og fortsette å bruke det.

 

Slik sperrar du kortet i mobilbanken

  • Logg inn deg inn
  • Trykk på Min oversikt
  • Vel Kort
  • Vel det kortet du vil sperre
  • Veit du at kortet er tapt, sperr kortet og bestill deg eit nytt med det same
  • Det nye kortet kjem i posten i løpet av 7 til 10 dagar
  • Er du usikker på om du berre har rota vekk kortet og vil leite etter det? Trykk avvent bestilling. Då ligger kortet på vent i 48 timar til du kanskje finn det igjen. Viss du ikkje opnar det igjen, så blir kortet sperre og du får automatisk tilsendt eit nytt.