Kunderådgjevar Bjørnar Øye på skitur

Dekkjer forsikringa nytt skiutstyr om det blir stole eller øydelagt?

Det nærmar seg påske og mange lurer på om stole eller øydelagt skiutstyr vert dekt av forsikringa. Her får du svaret.

Det blir stole ski og utstyr for rundt 12 millionar kroner kvart år. Påskeferien er høgtid for tjuveri av skiutstyr frå alpinanlegg, utanfor afterskien, frå hytteveggen og frå skiboksar på parkerte bilar. Kan ein få erstatta tjuveri av dette utstyret på forsikringa?

– Dei fleste reiseforsikringar dekkjer tjuveri av ski og skiutstyr, og har du toppforsikring gjeld reiseforsikringa på alle typer reiser, også på turar i heimkommunen, fortel Bjørnar Øye i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Må passe på skiutstyret
– Men hugs at du må halde tilsyn med skiutstyret ditt for å få full erstatning. Du kan altså ikkje berre gå frå skia dine ubevakta, og rekne med å få erstatta eit eventuelt tjuveri på forsikringa.

Innbuforsikring på hytta
Blir skiutstyr stole på det private utearealet på di eiga hytte, kan det også dekkast av innbuforsikringa til hytta inntil ein viss sum.

Kva med tjuveri frå skiboks?
Her kan det vere aktuelt med erstatning både frå bilforsikringa, reiseforsikringa og innbuforsikringa.

Har du kaskoforsikring for bilen kan du få dekt både skiboksa (dersom den er fastmontert på bilen) og innhaldet i skiboksa inntil ein viss sum.

Innbuforsikringa kan hjelpe deg med skiboksar som ikkje er montert på bilen, men som til dømes ligg i boda. Du vil også få dekt tjuveri av innhaldet, når skiboksen er låst, inntil ein viss sum. (Gjeld Norden).

Her er Bjørnar sine tips for å halde tjuvane vekk frå skiutstyret.

  1. Bruk dei låsbare skistativa i skianlegga eller sørg for at nokon passar på skia. Du kan også skaffe deg ein enkel skilås, desse kjøper du i utvalde sportsbutikkar og skisenter.
  2. Det enklaste er kanskje å sette frå seg skia separat, tjuven er ikkje interessert i berre éi ski og vil sjeldan ha tid til å leite.
  3. Ikkje bruk skiboksa som lagringsplass for skia.
  4. Unngå å sette skia inntil hytteveggen dersom det kan vere lett for uvedkomande å få dei med seg derifrå.

Kva om skiutstyret blir øydelagt?
Skulle du vere så uheldig at skia dine brotnar som følgje av eit fall, er det dessverre lite å hente på forsikringa.

– Ski og sportsutstyr vert ikkje erstatta ved skader som skjer mens du brukar utstyret. Det vert rekna som vanleg slitasje, akkurat som du ikkje får reparert bilen din gratis på forsikringa når ein av delane ryk, forklarar Øye.

Kva om eg sjølv blir skadd?
Bjørnar Øye minner om at reiseforsikringa også vil vere god å ha om du sjølv skulle vere så uheldig å bli skadd av ei ulukke i skibakken.

– Då kan du få dekt dokumenterte og nødvendige meirutgifter, blant anna utgifter til lege, sjukehusopphald, heimtransport og erstatning for avbroten reise, avsluttar han.