F.v. Arthur Garnes og Andre Skotheim

Inngår samarbeid med Lokomotiv Oslo

Vi ser at mange frå Søre Sunnmøre flyttar til Oslo for å studere og jobbe. Då er det kjekt at det finnast eit tilbod som gir tilgong til eit godt idrettsmiljø beståande av mange andre frå Søre Sunnmøre.

Lokomotiv Oslo, eller Loket som dei også er kjent som, har fire seniorlag på herresida. Forutan 1. laget i Norsk Tipping-ligaen har klubben lag i 6. divisjon, 8. divisjon, samt eit Old Boys 7ar-lag. Dette vil også gi SpareBank 1 Søre Sunnmøre ein posisjon då vi ønsker at utflytta sunnmøringar skal bruke SpareBank 1 Søre Sunnmøre som sin bank, også i Oslo. Vi ser at mange som flyttar beheld sin bank då dette er praktisk for kundane, samtidig som vi får behalde kundane. Kundemøter gjennomførast over nett og telefon, elles kan ein også besøke eit av våre kontor når ein er heime i ulike samanhengar avsluttar Banksjef sal og marknad, Andre Skotheim, i SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Arthur Garnes i Lokomotiv Oslo ser også fram til å jobbe proaktivt med SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Som mange kjenner til på Sunnmøre er Loket ein klubb basert på ein kontingentbasert spelarstall og frivilligheit. Samarbeidet med SpareBank 1 Søre Sunnmøre vil gi klubben anledning til å satse vidare sportsleg, og ikkje minst bidra til å tilrettelegge for vårt arbeid for å skape eit godt fotballmiljø med trivsel og samhald. Avtalen er treårig. På vår side kan vi sjølvsagt bidra til å legge til rette for at SpareBank 1 Søre Sunnmøre kan kome i kontakt med utflytta sunnmøringar busett i Oslo gjennom vår store kontaktflate.

Du kan lese meir om Lokomotiv Oslo på http://www.lokomotivoslo.no

På bilete:
F.v. Arthur Garnes i Lokomotiv Oslo og Andre Skotheim i SpareBank 1 Søre Sunnmøre viser stolt fram den nye drakta.