Silje, Fredrik og Ole-Christian.

Lojale og fornøgde forsikringskundar

Norsk kundebarometer fortel kvart år kva bedrifter norske forbrukarar er mest nøgd med. I år har forbrukarane kåra SpareBank 1 til bransjevinnar innanfor skadeforsikring, både på tilfredsheit og lojalitet.

– Dette resultatet fortel at kundane våre stolar på oss, seier Fredrik Christian Langlo, Regionbanksjef personmarknad i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Kundetilfredsheit er det viktigaste målet som gjenspeglar kvaliteten i leveransane frå bedrifta sett frå kunden sin ståstad. Resultat i Norsk Kundebarometer kan derfor brukast som eit truverdig sannheitsvitne på kvalitet. Silje Søvik, Fredrik Christian Langlo og Ole-Christian Heltne (bilete) er stolte av å kunne levere eit slik resultat.

– Gjensidig tillit er nøkkelen når det kjem til forsikringsoppgjer. Det gir nøgde kundar. Vi har også konkurransedyktige vilkår og kombinasjonen med gode digitale løysingar og det å vere fysisk til stades lokalt og i resten av landet har ei avgjerande betydning, seier Fredrik.

I jungelen av annan informasjon som vert presentert overfor kundar og tilsette ønskjer Norsk Kundebarometer at ein brukar kundetilfredsheit som standard for opplevd kvalitet slik forskinga fastslår. SpareBank 1 Forsikring vart kåra til bransjevinnar, framfor Tryg og If med knapp margin.

– Forbrukarane blir stadig meir bevisste og det er hard konkurranse på marknaden. Derfor fortset vi arbeidet med å gjere det enkelt og oversiktleg å vere kunde hos oss, blant anna gjer vi det no endå enklare å melde skade digitalt, seier Fredrik.

 


Om Norsk kundebarometer: https://www.bi.no/forskning/norsk-kundebarometer/

Ratingsystemet til Norsk Kundebarometer baserer seg på oppnådde poeng (gjennomsnitt) etter Norsk Kundebarometers (NKB) indeksmetode på kundetilfredsheit. Indeksen er eit gjennomsnitt av dei fire spørsmåla som inngår i Norsk Kundebarometer si tilfredsheitsundersøkjing. Resultata er omrekna til ein score som går frå 0-100, der 100 poeng er det beste moglege resultatet.

Barcode Intelligence, www.barcode.as, er offisiell administrator av Norsk Kundebarometer