Bjørn Egil espenakk og Ole-Christian Hetne viser fram Vipps

Vipps, så kan du betale med mobilen over alt

Snart treng du ikkje ha med lommeboka på butikken, så lenge du har hugsa mobiltelefonen. Neste generasjon Vipps vil nemleg gjere mobiltelefonen til kassaapparat.

I løpet av dei siste to åra har meir enn 2,4 millionar nordmenn blitt Vippsarar, og i vinter vart SpareBank 1 Søre Sunnmøre og meir enn hundre andre bankar over heile landet med på Vipps-laget. 4. mai vert tenesta tatt eitt steg vidare. Med VippsGO vil lag og foreiningar, butikkar og bedrifter få mulegheita til å selge sine varer og tenester gjennom mobiltelefonen. Handels- og tenestenæring på søre sunnmøre blir invitert inn i ein digital tidsalder.

– Det er ikkje snakk om å gjere dei fysiske butikkane om til nettbutikkar. Men du får tilgang til produktkatalogane og kan betale via mobiltelefonen. Det gjer handelen meir effektiv både for bedrifta og kundane, seier Bjørn Egil Espenakk.

Det gir ei ny forbindelse mellom kunde og butikk. Står du ute i butikken og lurer på detaljar om produktet, kan du lese om det i applikasjonen. Har du dårleg tid, kan du velge produkt og sende ein betalingsføresurnad allereie før du går inn dørene. Alt dei butikktilsette treng å gjere, er å godkjenne førespurnaden så er handelen gjennomført.

– Som butikkeigar i VippsGO gir du halve Norges befolkning tilgang til butikken din med tommelen, seier Ole-Christian Heltne.

Digitaliserer handel- og tenestenæring
Når ein butikk, frisørsalong eller restaurant opprettar mobilbutikk i VippsGO, kan kundane velge produkt og betale direkte via mobiltelefonen. I VippsGO-applikasjonen får forbrukarane sjå bilder og informasjon om produkta, før dei sender ein betalingsførespurnad til butikken. Så snart butikken registrerer førespurnaden, er handelen gjennomført.

– Med VippsGO tar vi den norske handels- og tenestenæringa inn i ei digital framtid. Det er lett for alle å bli med, og applikasjonen gjer det lettare og raskare for kunden å betale for tenestene eller varene dei måtte ønskje. I praksis betyr det at mobilen blir det nye kasseapparatet, der verken kort eller kontantar er nødvendig, seier Bjørn Egil Espenakk.

Vipps-laget endrar betalingsmarknaden
– Det var ein revolusjon då internett vart allemannseige og alle plutseleg kunne lage sine eigne nettsider. No digitaliserer VippsGO handels- og tenestenæringa ved å la butikkar og restaurantar opne sin eigen mobilbutikk, seier Bjørn Egil.

Gjennom Bankenes Betalingssentral (BBS) innførte DNB, Sparebank 1 og fleire norske bankar betalingskort i Noreg årevis før andre vestlege land. 26 år seinare kjem det neste store skrittet når mobilen for alvor blir den nye lommeboka.

– I dag går folk rundt med bankkortet i ei lomme festa til mobiltelefonen. Om få år kjem vi til å le av kor meiningslaust det var. Det er nesten som å ha ei kuleramme festa til PC-en, seier Ole-Christian.

Vil du kome i gong? -Ta betalt med Vipps

Kontaktperson

Bjørn Egil Espenakk
Rådgjevar Cash Management
Telefon