Viktig brikke for storhall i Volda

Stig Brautaset og Arild Bakke signerte i dag samarbeidsavtale som sikrar at selskapet kan kjøpe tomt, og planlegge bygget der Volda Campus SpareBank 1 Arena skal byggast.

Ei viktig brikke for storhall i Volda er nådd! Verdien på avtalen er på ca. ni millionar kroner, og midlane i avtalen er fordelt mellom gåvemidlar og namnerett på hallen. Namnet på hallen blir Volda Campus SpareBank 1 Arena.

– Bidraget er avgjerande for at det er mogleg å sette i gong eit slikt prosjekt og det er viktig at banken og det lokale næringslivet viser slikt engasjement, seier Arild Bakke under dagens pressemøte.

Viktig signal

Dette vil også vere eit synleg og viktig signal til det offentlege. – Det var aldri snakk om nokon andre samarbeidspartnarar på dette nivået, enn SpareBank 1 Søre Sunnmøre, seier Arild Bakke. Planen frå arbeidsgruppa står fortsatt ved lag. Planlegging i 2017, bygging i 2018 og opning i 2019.

SpareBank 1 Søre Sunnmøre er med

Banken har signalisert frå dag 1 at ein vil støtte dette arbeidet tungt. – Volda Campus SpareBank 1 Arena er viktig både for banken og for lokalmiljøet. Dette vil vere med på å gjere det betre å bu og virke på søre sunmøre, seier Stig Brautaset.

Skisse av storhallen

Volda Campus SpareBank 1 Arena

 

På bilete ser vi, f.v;

Vidar Egset, Arild Bakke, Rune Aarflot, Stig Brautaset, Idar Flo, Jonny Kragset og Hallvard Bjørneset.