Bjørn Egil espenakk og Ole-Christian Hetne viser fram Vipps

Slik gjer vi opp sommarrekneskapen

Over halvparten av dei som skal på tur i sommar trur dei kjem til å gjere opp med Vipps. Blant dei unge seier heile 73 prosent at dei kjem til å nytte seg av Vipps til å gjere opp fellesrekningane.

Sommerferie betyr at ei rekkje utgifter skal delast: Billettar til fly, båt eller togreiser, innkjøp av mat og drikke til hytta, deling av hotell og restaurantrekningar eller kjøp av billettar til arrangement eller attraksjonar hamnar fort på fellesrekninga. Når det er tid for oppgjeret skal gjerast, kan det fort bli eit komplisert reknestykke.

– Vipps har gjort det mykje enklare å gjere opp. Med Vipps «Gjør opp» er det mykje enklare å halde oversikten undervegs, men også å gjere opp totalrekneskapen i ettertid, seier Bjørn Egil Espenakk.

Alt du treng å gjere er å opprette ein gruppe med valfritt namn, og legge til medlemmane som skal vere med slik at alle kan legge til utlegga dei har hatt i løpet av perioda. Når alt er lagt inn, stadfestar du oppgjeret når det er ferdig, og de kan enkelt å sjå kven som skuldar kva. Deretter kan medlemmane sende pengane dei skuldar eller be om pengar tilbake.

– Sammanlikna med tidlegare, der ein nesten måtte ha med seg eit rekneark for å halde oversikta, for så hente inn kontonummer og bruke masse tid i nettbanken, så er det tydeleg at folk har skjønt at Vipps kan gjere kvardagen og ferien enklare.

Ei undersøking gjennomført av Vipps utført av Respons Analyse viser at Vipps-appen kjem til bli mykje brukt i sommar:

  • Over halvparten (53%) seier dei kjem til å bruke Vipps for å gjere opp neste gong vi er på ein tur der utgiftene skal delast.
  • 55% seier at samanlikna med tidlegare er det lettare å legge ut pengar når eg veit at vi kan gjere opp med Vipps.

I tillegg er vi glade for at Vipps er med på å bevare sommerfreden. Pengeoppgjer er ofte ei kilde til konflikter, men undersøkinga viser at Vipps bidreg til å gjere oss til betre betalarar:

  • 38 % meinar at vener/familie har blitt flinkare til å gjere opp for seg etter at Vipps kom på marknaden.
  • 36% meinar dei sjølv har blitt flinkare til å gjere opp for meg etter at Vipps kom på marknaden.

Undersøkinga viser at 68% av dei spurte bruker Vipps. Vippsbruken er størst blant unge vaksne, og synk med alder. Det er flest vippsarar i byar og tettstadar, og i Oslo-området bruker 8 av 10 Vipps.

Kontaktperson

Kundesenteret
Telefon