Kva er IPS? Og er det noko for meg?

1.november kjem eit nytt spareprodukt som belønner deg for å spare til pensjon. Her er det du treng å vite om IPS – pensjonssparing med skattefordel, og om det passar for deg.

IPS er eit insentiv frå staten som skal hjelpe nordmenn med å setje av pengar til pensjonstida. Du bestemmer sjølv om du vil spare lite eller mykje, men du kan spare inntil 40 000 kroner i året. Uansett kva beløp du sparar får du 24 % av sparebeløpet igjen på skatten.

Det vil sei at om du sparar 40 000 kroner i år, vil du få tilbake 9 600 kroner neste år. Sett du av ein tusenlapp i månaden får du tilbake 2880 kroner.

– Dette er ei svært god spareordning for pensjon. Det er mange år siden det var så gunstig å spare til pensjon med skattefrådrag, seier Lillian Hellbust, kunderådgjevar i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Øyremerkja pensjonstida
Du skattar ikkje av avkastninga medan du sparar og treng heller ikkje betale formueskatt for oppspart beløp, men sidan sparepengane er øyremerkja pensjonstida, binder du sparepengane dine fram til du fyller 62 år.

– Er du ein som synst det er vanskeleg å spare langsiktig, og som tek litt frå sparekontoen både no og då, er IPS ein gunstig og pårekneleg sparemåte som sikrar at pengene går til det føremål dei skal, seier Hellebust og tilføyer:

– Men i og med at pengane er bundne til du er 62 år, er det viktig at du tenker over kva beløp du ønskjer å spare.

Spar pengar på å spare
Belønninga frå staten kan sjåast på som eit slags «lån» som må tilbakebetalast når du tek ut pensjonen, men som du har fått avkastning av i alle åra du har spart. På denne måten sparar du pengar på å spare.

Ein annan stor fordel med IPS er at når du byrjar å ta ut pengane, skattar du kun kun som alminneleg inntekt på uttaket, som i 2017 er 24%, og ikkje som ei pensjonsinntekt.

Kven kan opprette IPS?
Pensjonsreformen som kom i 2011 gjer at pensjonen frå folketrygda blir mindre. Dette vil ramme samtlege av oss, og for å oppretthalde den levestandarden vi er blitt vant med, må vi setje av pengar til pensjon sjølv også.

Alle mellom 18 og 75 år, som er skattepliktige i Noreg kan opprette ein IPS-konto. Hellebust meinar dette er ein gåvepakke for alle som ønskjer å spare til pensjon og som synst det er greitt å binde pengane til pensjonstida.

Les meir om IPS

 

Samtidig finnast det fleire måtar å spare til pensjon på, ofte varierer det kva som er den beste spareforma med den livssituasjon du er i. Ønskjer du for eksempel ikkje å binde pengane dine, som du gjer med IPS, finnast det andre pensjonsordningar du kan spare i.

Kontaktperson

Lillian Hellebust
Kunderådgjevar
Telefon