Stormsesongen er i gong – slik sikrar du deg

Førjulstid og julefeiring er ofte prega av ekstremvêr. Statistikken viser at vi er ekstra utsatt for storm og orkan ved jul- og nyttårstider her til lands. No er det igjen venta storm, stengte flyplassar, og høge bølger over store delar av landet.

Her er forholdsreglane du må ta:

Skadeforebygger Therese Nielsen i SpareBank 1 Forsikring har følgjande råd til deg som kan vere utsett:

  1. Få alle lause eigedelar i hus – viss det ikkje går, må du binde det fast.
  2. Sjekk at det ikkje er lause taksteinar. Rens takrenner for lauv og anne rusk.
  3. Lukk alle vindauge – både i kjellar og på loft.
  4. Tenk også på kvar du parkerer bilen. Hald den unna store tre og andre faremoment.
  5. Viss du ikkje har behov for å bevege deg utandørs, hald deg inne mens det står på.
  6. Sørg for å ha lommelykter lett tilgjengeleg dersom straumen går – ikkje gløym batteri.
  7. Har du båt? Sjekk og forsterk fortøyingane. Flytt eventuelt båten til ein annan stad som ikkje er utsett for den varsla vindretninga.
  8. Pass på deg sjølv! Ha stort fokus på personsikkerheit. Tiltak for å berge verdiar må ikkje skje der det er fare for personskade i redningsoperasjonen.

Hugsar du?

Dei siste 10 åra har følgjande ekstremvêr herja her i landet ved nyttårstider:

  • 2016 Tor
  • 2015 Nina
  • 2014 Mons
  • 2013 Ivar
  • 2012 Emil
  • 2011 Dagmar
  • 2010 Ask
  • 2008 Yngve
  • 2007 Rita