SpareBank 1 Regnskapshuset flytter inn i banken sine lokaler i Volda

Kompetanse frå bank og rekneskap blir samla tettare når SpareBank 1 Regnskapshuset flyttar inn i bankbygget.

Kjærkomen satsing

– Vi trivst i aktive miljø, så dette blir bra. Kundane våre kan gjennom det som skjer no få ein endå betre service hos oss, seier adm. direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre Stig Brautaset.  Har ein rekneskapstekniske spørsmål så er det no lettare å få svar når ein sit tettare saman. Dette likar kundene, og mange likar at vi kan gi dei alt på ein stad, avsluttar han.

Sterke kunderelasjonar fortsatt viktig

– Kjennskap til lokalmiljøet og sterke kunderelasjonar vil fortsatt vere aktuelt i ein digital tidsalder, seier Hege Karete Hamre som er Regiondirektør Sunnmøre i SpareBank 1 Regnskapshuset.

Vi kan tilby tradisjonell rekneskapsføring og spesialiserte rådgjevarar. I tillegg har vi ei omfattande satsing på digitale løysingar. – Det gir oss tilgong på kompetanse og framtidsretta tenester som kjem kundane våre til gode, seier Hege. Dei har i dag aukande oppdragsmengd og blir oppfatta som ein attraktiv samarbeidspart, både av tilsette og blant kundane. Ein søkjer mellom anna etter ein ny medarbeidar til laget.

SpareBank 1 Regnskapshuset er landets nest største aktør på rekneskap og økonomisk rådgjeving, og aller størst i bransjen i Trøndelag og Møre og Romsdal. Kundeporteføljen består no av rundt 8500 kundar. På Søre Sunnmøre er SpareBank 1 Regnskapshuset representert med fem lokalkontor i Volda, Ørsta, Ulsteinvik, Hareid og Ålesund. Her er 33 tilsette som tar seg av ca. 800 kundar.

SpareBank 1 Regnskapshuset SMN AS er eigd av SpareBank 1 SMN (95,18%) og SpareBank 1 Søre Sunnmøre (4,82%).

Nyoppussa lokale i 3.etasje

Dei siste månadane har ulike leverandørar jobba med å ferdigstille lokalet til rekneskapshuset som er i bankbygget i 3. etasje. No er det klart for innflytting. Ved kontoret i Volda er dei 8 tilsette. No flyttar dei inn i dei nye lokala i bankbygget, og får samtidig dele kantine med dei andre tilsette i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Les meir om SpareBank 1 Regnskapshuset avd. Volda

På bilete f.v.:

Hege Karete Hamre, Unni Dahl, Tone Egset, Torild Rødven Eide, Amanda Nygård, Andreas Heltne Sætre, Bente Goksøyr, Marina Yksnøy og Stine Myklebust Sørvik.