Julegåve til prosjekt «Godstol»

I staden for julegåve til banken sine tilsette støttar vi i år Sonjakomiteen sitt prosjekt «Godstol» med totalt 50.000 kroner

– Gåva frå dei tilsette i banken er på 25.000 kroner, i tillegg doblar banken dette beløpet og slik at det totalt blir 50.000 kroner til dette gode føremålet, seier Stig Brautaset. – Blant mange gode tiltak i regionen vår var dette tiltaket valt ut til årets julegåve, seier Møyfrid Lillenes som er hovudtillitsvalt i banken.

Det var stor glede då banken overrekte gåvesjekken på 50.000 kroner som skal til nye godstolar på Volda sjukehus. -På vegne av Sonjakomiteen vil vi rette ei stor takk til bankens tilsette og banken for denne flotte gåva, seier Hedvig Høydalsvik Leiar i Sonjakomiteen.

Prosjekt «Godstol»

Sonjakomiteen på sjukehuset har sett seg som mål å skifte ut seksti godstolar på Volda sjukehus – til ein pris på omlag 7500 kroner per stol. Dei stolane som er der i dag er frå då sjukehuset var nytt, og er slitne og vonde å sitte i. Midlane som ein no samlar inn vil gå til gode kvilestolar som pasientar og pårørande vil ha glede av.

Om Sonjakomiteen

Sonjakomiteen består av representantar frå dei ulike avdelingane på Volda sjukehus. Sonja Hovden Vidnes starta innsamling for sjukehuset, etter at ho sjølv var pasient her på 70-talet. Ho stod på for sjukehuset i over 30 år, og samla inn over 1 million kroner til Volda Sjukehus. Desse midlane har vi kunna nytta oss av, for å skape auka trivsel og glede for pasientar og pårørande. Det har vorte kjøpt TV til alle pasientrom, radioar, data, nettbrett, bilder, foto, leiker, møblar, pynt til jul og påske, innreiing til pårøranderommet m.m. No er desse midlane oppbrukte, men arbeide ho starta er framleis like viktig.

 

På bilete;

Knut Nautvik, Gerd Helen Masdal, Johanne Ryste, Hedvig Høydalsvik (leiar i Sonjakomiteen), Stig Brautaset (adm. dir. SpareBank 1 Søre Sunnmøre), Møyfrid Lillenes (Hovudtillitsvalt SpareBank 1 Søre Sunnmøre) og Mona Ryste.