Starthjelp bilbatteri

No er det høgsesong for starthjelp til bilen

Vinteren er høgsesong for starthjelp til bilen. Har du smart bilforsikring kan du forutsjå startproblemer ved å enkelt sjekke bilbatteriet på mobilen din – når som helst og kvar som helst.

– Om du vil unngå å stå på fjellet med flatt batteri på søndag eller trøbbel med å kome deg på jobb måndag bør du sjekke lade- og kvilespenninga på bilbatteriet. Står det dårleg til med batteriet vil det ikkje klare å levere nok straum til å starte bilen når det er kaldt, seier Sjur Jensen Bay, markedsdirektør i Viking Redningstjeneste.

Viking gir 20 prosent meir starthjelp i vintermånadane enn elles i året. Spesielt måndagar etter langhelg, vinter- og påskeferiar er mykje travlare enn andre dagar i året. Mykje av dette skuldast flatt bilbatteri.

Sjekk bilbatteriet frå sofaen

Du kan sjekke batteriet ditt på eit verksted eller med eit multimeter, men no hjelper SpareBank 1 Forsikring deg med å gjere jobben både enklare og betre.

– Alle kundane våre med smart bilforsikring kan no enkelt enkelt sjekke batteriet frå sofaen sin heime med mobilen. Du kan sjå om batteriet har nok straum til å starte bilen når det er kaldt eller om bilen faktisk ladar opp batteriet som den skal, seier Svein Skovly, leiar for innovasjon i SpareBank 1 Forsikring.

Heile 6 av 10 køyreturar er kortare enn fem kilometer. Med mange kort turar kan det rett og slett bli for lite køyring til å etterfylle den straumen som blir brukt, spesielt når det er kaldt om vinteren.

– Heile kongstanken med smart bilforsikring er å førebygge uhell og stimulere til trygg atferd. Sjølv om kundane våre har veihjelp inkludert i forsikringa si, er det betre å sleppe problemer når du skal heim frå hytta på søndagskvelden eller når du skal på jobb måndag morgon, seier Skovly.

Når får du startproblemer?

Den optimale ladetemperaturen for eit batteri er ca. +25 grader, langt i frå ein normal norsk vinter. Når det er kaldt krevst det meir av bilen for å lade batteriet.

– Kort fortalt blir motstanden i batteriet høgare, som krever ei høgare ladespenning som bilen sin system berre delvis tek hensyn til, seier Jensen Bay.

Eit 12-volts batteri som har kvilespenning på 12,75 volt tilsvarar at det er fullada, men allereie på 12,1 volt er kapasiteten i praksis nede på 50 prosent. Dette kan gi startproblemer når det er kaldt.

Kvilespenning  Kapasitet

12.75 V                      100%           Fulladet
12,4 V                          70%           Ingen startproblem
12,1 V                           50%           Startproblem i kulde
11,7 V                           25%           Startproblem i varme
11,5 V                             0%           Tomt batteri

Kontaktperson

Kundesenteret
Telefon