Hugs melding til Brønnøysund etter årsmøtet

Det er årsmøtetid for lag og foreiningar. Hugs å sende oppdaterte opplysningar så kjapt som mogleg til Einingsregisteret i Brønnøysund.

Styret i mange lag og foreiningar forvaltar verdiar på vegne av medlemmane sine. I den samanheng oppstår det gjerne behov for å etablere eit banksamband.

Som ei bedrift
Alle lag og foreiningar må vere registrert med eige organisasjonsnummer i Einingsregisteret i Brønnøysund for å opprette ein bankkonto.

På same måte som i ei bedrift, vel medlemane personar til å sitte i eit styre og gjev desse (eller andre) fullmakt til å ta beslutningar på vegne av medlemane (eigarane). Det er banken sitt ansvar at det er dei personane som medlemmane har bestemt, som får tilgang til pengane og kan disponere desse. Det er opplysningane i Einingsregisteret i Brønnøysund som avgjer dette.

Mange lag og foreiningar
– Vi har om lag 600 lag og foreiningar som kundar. Vi går no inn i «høgsesongen» for årsmøter, med mellom anna val av nye styremedlemer. Då er det viktig å oppdatere opplysningane i Brønnøysund så fort som råd, seier Elias Mårstøl.

Kvifor er dette viktig?
Alle lag og foreiningar i Einingsregisteret pliktar å melde frå om endringar. Men kvifor er det så viktig?

– Banken sjekkar opp mot Einingssregisteret for å få opplysningar om kven som har verv og fullmakter i foreininga, eller kven som kan gi fullmakt til for eksempel å disponere foreininga sine kontoar.

Lag og foreningar må altså sjølv legitimere dei nye styremedlemmane sine ved å melde inn rette opplysningar til Einingsregisteret. Først etter at dette er gjort, kan banken sjå på forhold som for eksempel disposisjonsrett.

Vi rår til å registrere prokurist
SpareBank 1 Søre Sunnmøre rår til at lag og foreningar tildeler prokura til éin eller fleire personar.

– Ein prokurist har høve til å signere avtalar vedkomande dagleg drift. Dersom ingen har prokura, må heile styret signere. Det blir ofte litt for tungrodd, seier Elias, som samtidig påpeiker at foreininga må vurdere dette opp mot det ansvaret som ligg i å disponere midlane. Han oppfordrar elles lag og foreiningar som har spørsmål om å ta kontakt med bedriftssenteret på chat i nettbank bedrift, telefon 70070007 eller epost bedriftssenteret@sparebanken.no.

Tips til korleis du registrerer lag og foreiningar

 

På bilete;

Frå venstre: Britt Kriken, Elias Mårstøl og Inger Mari Vik

Kontaktperson

Bedriftssenteret
Telefon