Vi har lansert eigen mobilbank for barn

På bilete; Henrik og Nikolas har alt tatt i bruk mobilbanken Spink og har eige bankkort for barn. Her står dei saman med kunderådgjevar Berit Hjorth.

Med mobilbanken Spink vil SpareBank 1 gjere det lettare for barn å få oversikt over eigne pengar. Appen legger til rette for læring om forbruk og sparing i trygge rammer.

Banksjef personmarknad Andre Skotheim

Andre Skotheim er Banksjef personmarknad i SpareBank 1 Søre Sunnmøre

– Kontantbruken i Noreg går ned, medan bankkort og mobilbetaling går framover. Dette gjer noko med barn si forståing av pengar og verdi. Difor meinar vi at det er viktig at barn lærer seg tidleg å handtere digitale pengar, seier Andre Skotheim, Banksjef personmarknad i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

SpareBank 1 har samarbeidd med over 1.000 foreldre og barn i utviklinga av den nye mobilbanken, som vart lansert i april.

– Mange av foreldra vi har snakka med seier at dei manglar gode verkty for å lære barn om økonomi i ein stadig meir kontantlaus kvardag. Dei saknar også løysingar der barna sjølv kan ha oversikt over eige forbruk og sparing. Det er desse behova vi ønskjer å svare på med Spink, seier Skotheim.

Vil førebygge økonomiske problem
I den nye mobilbanken kan barnet enkelt få oversikt over eigen økonomi. Dei kan sjå saldo på bankkortet sitt, få oppsummering pr. veke og månad av eige forbruk,  sjå sparekontoen og lære seg å spare ved bruk av sparemål. Barnet kan også overføre pengar mellom kort-konto og sparekonto, samt be foreldra om pengar.

– Barn blir meir kunnskapsrike når dei får praktisk erfaring og mulegheit til å få, bruke, spare og handtere pengar digitalt. Dette påverkar utviklinga av økonomiske verdiar, haldningar og adferd seinare i livet. Vi håpar at Spink kan bidra til læring som førebygger økonomiske problem den dagen barnet skal stå på eigne bein, seier Andre Skotheim.

53.000 nordmenn mellom 18 og 32 slit med betalingsproblem¹, og mellom 12 og 22 prosent av unge og unge vaksne har utfordringar med overshopping². Problema startar vanlegvis i slutten av tenåra eller i byrjinga av tjueåra, og samanfell gjerne med den alderen då ein etablerer eigen økonomi.

Kjelder: ¹Lindorffanalysen, 4. utgave 2017, ²Andreassen, C. S. (2014). Shoppingavhengighet: Baksiden av kjøpefesten. 208, 51. Tidsskrift for norsk psykologforening.

Om Spink
Spink er ein mobilbank for barn mellom 6 og 15 år, med hovudfokus på dei mellom 8 og 14 år. For å kunne bruke Spink må føresette vere kunde i ein SpareBank 1-bank, og barnet må ha ein bankkonto knytt til eit bankkort frå SpareBank 1. For å få tilgong til å spare i appen, må barnet ha ein sparekonto for barn. Appen kan brukast på både iPhone og Android-telefonar.

Les meir om Spink her.

Kontaktperson

Kundesenteret
Telefon