Lillian Foldal, Kristin Woldsund og John Helge Bjørndal.

Stor gåve til stadion på Vartdal

SpareBank 1 Søre Sunnmøre gir 1 million til Nye Vartdal Stadion

På bilete; f.v. Lillian Foldal, Kristin Woldsund og John Helge Bjørndal.

Det er kjent for mange at Vartdalsstrandal lenge har hatt behov for ny bane. Allereie i 1980 begynte arbeidet med å få på plass eit nytt anlegg, og no er snart resultatet klart. Nye Vartdal Stadion vil innhalde Kunstgrasbane 64×105, belysning, støyvoll, parkeringsplassar og lager/servicebygg.

– Vi er veldig takksame. Dette er eit betydeleg bidrag, seier John Helge Bjørndal.

Aktiv støttespelar

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har vore ein aktiv støttespelar til Vartdal Turn og Idrettslag i mange år. Vi er opptatt av å stimulere til utvikling i regionen vår, og den nye stadion på Vartdal er ei viktig brikke for aktivitet, vekst og utvikling på Vartdalstranda. – Vartdal har lenge jobba for å få på plass dette nye idrettsanlegget, og vi er derfor svært glade for å bidra til at dette no vert ein realitet, seier Lillian Foldal.

– Vartdalstrandingane er lojale mot banken, og som tilsett i banken er eg veldig glad for at banken vert ein viktig bidragsytar til dette flotte anlegget, seier Kristin Woldsund.

Alle kan bidra

Idrett er blod, svette og tårer, men også motivasjon, innsatsvilje og lagspel. Nett som arbeidet mot målet om nye Vartdal Stadion. Alle kan bidra som medspelarar! Du kan bidra ved å investere i ein andel av stadion på Vartdal. Les meir Andelsbrev her.

 

Kontaktperson

Lillian Foldal
Salsleiar Ørsta
Telefon