Utdeling av talentstipend

Jon Olav Sandal er tildelt talentstipend frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Formålet med stipendet er at det skal bidra til at unge talentfulle personar skal få høve til å vidareutvikle talentet sitt. Det er også eit mål at stipendmottakarane skal vere med på å utvikle  kulturlivet innan sitt område i regionen og også vere gode representantar utanfor regionen.

Jon Olav er 22 år fødd og oppvaksen i Barstadvika. Lærte tidleg å spele gitar med mormor og har gått gradene gjennom kulturskulen, musikklinja ved Volda v.g.s. og deltaking gjennom UKM – arrangement. Det vart på Musikklinja han verkeleg fekk smaken på musikk. Valet stod mellom musikk og idrett. Han valde musikk og det angra ingen på i dag. På musikklinja var det godt miljø og der fekk han god erfaring med å stå på scenen gjennom deltaking på m.a. den populære musikalen. Det var ein god utviklingsarena som han vil tilrå andre også.

Frå Volda v.g.s. gjekk vegen vidare til Kristiansand og Konservatoriet der . Det var her det verkeleg starta og her avgjorde han at det var musik det skulle bli. Her treff han likesinna og bygde nettverk. Bandmedlemane han spelar i, har røtene sine frå Konservatoriet i Kristiansand.

Etter studiane flytta han til Oslo og det er der han oppheld seg i dag. Han lengtar sjølvsagt heim, men det er mest praktisk å bu i Oslo.

Jon Olav ha hatt ein lysande utvikling og i vinter vann han talentkonkurransen Urørt på NRK P3. Dette heng høgt i nasjonal samanheng og det er ikkje alle store artistar i dag, som kan vise til noko liknande. Det er songen «Hei Erna» som har gjort Jon Olav kjend på innan musikk. Dette er ein fengande låt som dukka opp under valkampen i haust. Facebook og andre digitale media har vore med på å synleggjort Jon Olav og har hatt stor påverkningskraft.

Målet til Jon Olav er å etablere seg som ein norsk artist. Dette krev hard jobbing over tid og den innsatsen som må til er han villig til å yte.

Jon Olav er svært takksam og nøgd å få tildelt talentstipendet frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Dette kjem godt med og vil bidra til at han kan satse vidare og nå viktige delmål på vegen.

SpareBank 1 Søre Sunnmøre på si side håper at stipendet kan vere med på å motivere Jon Olav til å nå sine mål i musikkbransjen.

Talentstipendet frå banken er på kr. 25.000,- og eit minnefat frå Ingeborg Rørvik Lejon.

Kontaktperson

Lillian Foldal
Salsleiar Ørsta
Telefon