Silje Søvik er betalingsformidlingsansvarleg i SpareBank 1 Søre Sunnmøre

No kjem vennebetaling på mobil for barn

SpareBank 1 opnar for enkel og trygg vennebetaling på mobil for barn frå 6 år og oppover. Tenesta blir tilgjengeleg frå 24. oktober.

– Akkurat som oss vaksne, treng barn nokre gongar å låne pengar. Med vennebetaling på mobil kan dei enkelt og trygt betale tilbake det dei har lånt av venner og familie, utan å vere avhengige av kontantar, seier Silje Søvik, betalingsformidlingsansvarleg i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Ein av fem seier at barn lånar pengar
I ei undersøking gjennomført av Kantar TNS for SpareBank 1, seier ein av fem foreldre at det hender barna deira lånar pengar. Det dei i stor grad lånar pengar til er småting som mat, godteri, leiker og spel.

– Vi vaksne veit kor lett det er å Vippse, og vi ser at barna har same behovet for enkelt å kunne overføre pengar til vennar og familie. Ei slik teneste har vore etterspurt av kundane våre lenge, seier Silje Søvik.

Vennebetaling blir tilgjengeleg i barne-mobilbanken Spink i løpet av hausten, og er tilpassa barn mellom 6 og 15 år.

Sikkert å betale til vennar
For at barnet skal kunne betale og motta pengar frå vennar, må ein forelder godkjenne kvar enkelt mottakar. Dette gir foreldre kontroll på barnas forbruk, samt kven barna betaler til og mottar pengar frå.

– Vennebetalingsfunksjonen er ein trygg og lærerik måte for barna å gjere opp for seg på. Den er utvikla i dialog med både foreldre og Forbrukertilsynet, med sikkerheit og brukarvenlegheit i høgsetet, seier Søvik.

Tenesta har ei maksgrense på 1000 kroner for fire dagar. Dette kjem i tillegg til maksgrensa som ligg i barnebankkortet, som er på same beløp.

Om Spink
Spink er SpareBank 1 sin mobilbank for barn mellom 6 og 15 år. Appen let barnet sjå saldo på kortet, få veke- og månadsoppsummering av forbruket sitt, sjå sparekontoen sin og lære seg å spare ved bruk av sparemål. Barnet kan også overføre pengar mellom kortkonto og sparekonto, be foreldre om pengar, og snart også betale til vennar og familie.

Les meir om Spink

Kontaktperson

Kundesenteret
Telefon