Slik unngår du fellene på Black Friday

På årets store handledag er det fort gjort å bruke meir pengar enn du hadde tenkt. Silje Søvik, Betalingsformidlingsansvarleg i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, oppmodar dei som planlegg å handle på Black Friday om å tenke smart.

Silje Søvik er betalingsformidlingsansvarleg i SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Silje Søvik er betalingsformidlingsansvarleg i SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Tal fra Virke viser at nordmenn handlar mykje denne dagen. I fjor la vi igjen i overkant av 3,6 milliarder kroner i norske butikker (fysiske og netthandel) på Black Friday, ein auke på 16 prosent samanlikna med året før.

– Black Friday er ei fin anledning til å handle både julegåver og andre ting til ein lågare pris. Men det er lett å gå seg vill i mylderet av tilbod og fort gjort å bruke meir pengar enn det ein hadde tenkt – eller har råd til. Heldigvis kan ein spare mykje ved å unngå dei største Black Friday-fellene, sier Silje.

 

Det er særleg fem feller du bør unngå på Black Friday:

  1. Tidspress. Om du treng tid til å vurdere tilbudet, så bruk tida. Kjappe avgjersler er ikkje alltid smarte.
  2. Høg rabatt må ikkje alltid bety eit godt kjøp. Nokre varer blir prisa opp i forkant slik dei kan seljast med stor rabatt. Det er difor lurt å samanlikne tilbodet med prisen på tilsvarande varer.
  3. Unngå ekstra forsikringar. Ved kjøp av elektronikk og kvitevarer blir du ofte tilbydd ei ekstra forsikring når du skal betale. Her bør du vere skeptisk, for du trenger ofte ikkje ei ekstra forsikring. Anten fordi vara har ein god garanti eller fordi du allereie har ei god innbuforsikring. Og ei forsikring som dekke småbeløp du har råd til å erstatte, kan du klare deg utan.
  4. Storhandel på kreditt. Det er lett å bli riven med av gode tilbod, men hold igjen så du ikke handlar over evne. Tilbod om utsett betaling eller avbetaling høyrast fristande ut, men alt må betalast til slutt.
  5. Avgrensa bytterett på salsvarer. Sjekk om du kan bytte vara. Ofte er det ingen bytterett på salsvarer, noko som er dumt om du har tenkt å gi vara som gåve til jul og den ikkje passar eller fell i smak.