Fleire gode prosjekt i Herøy fekk tildelt midlar

Utdeling av prosjektmidlar

Onsdag kveld delte SpareBank1 Søre Sunnmøre ut prosjektmidlar til gode formål i Herøy og Sande.

Totalt fem ulike prosjekt fekk tildelt midlar, og fornøgde representantar hadde møtt opp på Fosnavåg hotell for å motta det synlege beviset frå regionbanksjef Lillian Kleven Breivik som også fortalde litt om formålet til prosjektmidlane
– SpareBank 1 Søre Sunnmøre ynskjer å vere ei drivkraft for å gjere det betre å bu og verke på Søre Sunnmøre, og utdeling av midlar til gode prosjekt er eit ledd i dette arbeidet.

Gode formål
Årets prosjektmidlar gjekk til Herøy biljardklubb, Moltustrandingen, Dragsund Grendalag, Kjeldsundfamilien og Herøy Janitsjar.

Herøy Biljardklubb fekk tildelt 70.000 kroner i prosjektstøtte

Herøy Biljardklubb fekk tildelt 70.000 kroner i prosjektstøtte.

Herøy biljardklubb fekk midlar til innkjøp av nytt biljardbord. Moltustrandingen har i fleire år arbeida med å bygge ei varmestove på med tilrettelagd veg for barnevogner og rullestolbrukarar. Bygget som skal vere på 25 kvm er under bygging, og fekk tildelt midlar til innkjøp av inventar.

Dragsund Grendalag ønsker å gjere det triveleg for barn og unge i Dragsund og fekk midlar til innkjøp av nye leikeapparat. Kjeldsundfamilien har bygd gapahuk og fekk tildelt midlar til straum. Herøy Janitsjar treng stadig nye instrument og fekk ein del av dette dekt.

Viktig bidrag 
Ein av dei som fekk midlar, var Herøy Biljardklubb. Klubben som er den einaste i sitt slag på Sunnmøre har over 80 medlemmar der halvparten er under 18 år.

Pengegåva frå banken bidreg til at vi får løfte klubben og utøvarane vidare, sa Dag-Arve Gjerde, som mottok det synlege beviset.