VW e-crafter og Nissan Leaf

Tenk miljø – tenk framtid

SpareBank 1 Søre Sunnmøre tek miljø og klima på alvor og arbeidar med mange forskjellige tiltak for å gå over til framtidsretta og berekraftige løysingar. Det siste og veldig synlege tiltaket er elbilar til dagleg bruk.

– Vi har bytta ut banken sine bilar, og kjøpt inn ein VW e-Crafter og ein Nissan Leaf.  Begge desse er elektriske og skal brukast til kundemøter, arrangement og andre ærend. For at det skal bli effektivt å bruke elbilane i det daglege har vi fått på plass ladestasjonar ved hovudkontoret i Volda, og den straumen vi brukar er rein, 100% fornybar energi levert av Tussa, fortel Rolf Driveklepp, banksjef Forretningsdrift og –utvikling, og legg til:

– Vi er opptekne av å «feie for vår eiga dør» og har teke tak i banken sine overordna måldokument og utvikla ein eigen «Strategi for samfunnsansvar og berekraft». Denne skal sikre at det vi steller med er berekraftig. Dette gjeld alt frå kjeldesortering av avfall til energiforbruk og Miljøfyrtårnsertifisering. I tillegg skal det gjennomførast tiltak som skal gjere det enklare for dei tilsette å ta miljøfornuftige val – og for kundane våre. Vi vil også stille krav til leverandørane våre og vi vil honorere fokus på berekraft hos kundane våre.

Vi håpar at du vil legge merke tiltaka vi gjer for at vi alle skal bli enda flinkare til å tenke miljø.