Kva er framtidas bank?

Digitaliseringstrenden endrar bankane, og stadig fleire vel å gjere seg mindre tilgjengelege for kundane. 

Heilt sidan den første norske sparebanken vart etablert i 1822 har bankane vore ein viktig del av norsk samfunnsliv. Som første bank skulle Christiania Sparebank medverke til “Flid, Sparsomhed og Sædelighedens fremme”. Gjennom sparing skulle ein bli betre i stand til å klare seg sjølv i dårlege tider, i alderdommen eller ved sjukdom. Opningstidene var laurdag ettermiddag, då arbeidarane fekk utbetalt lønn. Pengane kunne då bli plassert trygt før byen sine fristelsar overtok.

I dag er det over hundre sparebankar, forretningsbankar og filialar av utanlandske bankar i Noreg. Særleg dei siste åra har det vore ein sterk vekst i nye forretningsbankar som etablerer seg gjennom å utvide eksisterande marknadsområde. Desse sender overskotet til eigarar over landegrensene, dei har ikkje filialar, og marknadsfører seg ved å berre vere eit tastetrykk unna. Dette har endra måten vi arbeidar på. Å vere tilgjengeleg døgnet rundt via nettbank, mobilbank, chat eller telefon har vorte ein standard. Denne digitaliseringstrenden har ført til at fleire bankar har valt å gjere seg mindre fysisk tilgjengeleg. Nokre sentraliserer seg, andre vel å satse på og vere ein fullverdig digital bank.

I tillegg til å henge med på denne digitaliseringstrenden, har lokalbankane lange røter for å ha eit nært og engasjert forhold til lokalsamfunnet. Dei har vore med på å bygge opp lokalt næringsliv med lokale arbeidsplassar. Dei korte avstandane gir god kjennskap til kundane og lokalmarknadan. Dette fører til at lokalbankane kan strekke seg lengre i enkeltprosjekt enn dei store bankane med sentraliserte fullmakter utan lokal kunnskap. Delar av overskotet blir gitt tilbake til lokalsamfunnet. Mange idrettshallar, turstiar og leikeplassar hadde aldri vore til utan forretningsmodellen til sparebankane. Lokalbanken er også avgjerande for at små bedrifter i distrikta har tilgang til nødvendig lån og finansiering.

I dag er det igjen få lokale bankar med lokale filialar. At bankane gjer seg mindre tilgjengeleg gir samfunnet vårt ei rekkje utfordringar, og set kjeppar i hjula for å oppretthalde ansvaret med bidra til samfunnsutvikling. Kunnskap om privat- og marknadsøkonomi er ei mangelvare blant nordmenn. Som bank merkar vi dette. I løpet av mi 20 år lange bank-karriere, har eg aldri opplevd større etterspurnad etter kundar som ber om gode råd som i dag. Og dette trur ikkje eg vil stagnere.

Tenk deg eit døme: Det blir innvilga eit byggelån til ei familie som skal realisere husdraumen. Det at vi har bankar som vil innvilge byggelån set i gang mange verdiskapande prosessar. Her får arkitekt, rørleggar, elektrikar, snikkar med fleire oppdrag. Dette gir store ringverknadar og bidreg til å skape både arbeidsplassar og aktivitet i lokalsamfunna. Vi ser i dag også at mange eldre slit med å henge med på digitaliseringa. Som om ikkje brevgiro var vanskeleg nok, må ein no betale gjennom e-faktura, avtalegiro, mobilbank og nettbank. Dette er gode og effektive tenester for dei fleste, men for mange eldre er dette ei utfordring i kvardagen. Her bør bankane ta eit enda større ansvar. I 2015 bestemte Noregs største bank, DNB, å kutte halvparten av filialane, noko som medførte at 600 tilsette mista jobben. Bakgrunnen for avgjerdslen var at få kundar brukte dei fysiske kontora.

I november 2018 kan vi lese at DNB gjenopnar kontoret sitt i Hammerfest. I same periode ser vi at dei minste bankane har vokse mest. Dette bekreftar det eg sjølv erfarer, nemleg at mange ønsker å møte dei tilsette i banken fysisk. Så får tida vise kva som skjer. Endar vi opp med banken berre i lomma eller vil dei neste generasjonane framleis ønske å møte banken fysisk?