SpareBank 1 Søre Sunnmøre satsar i Oslo

SpareBank 1 Søre Sunnmøre skal frå hausten ha bemanna kontor i hovudstaden.

SpareBank 1 Søre Sunnmøre er heldig og har mange som bur i og rundt hovudstaden som kundar. Vi har lenge ønska å gi desse utflytta sunnmøringane og andre eit betre tilbod, og er stolte av å meddele at vi frå hausten kan treffast fysisk på kontor i Oslo, seier Andre Skotheim, banksjef for personmarknaden i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Skotheim fortel vidare at kontoret vil ha faste opningstider og at det er tilsette frå dei allereie eksisterande bankkontora på Sunnmøre som vil veksle på å vere på kontoret i Oslo. Her vil ein få hjelp til alt ifrå dagleg bruk, lån, sparing og forsikringar med meir.

Denne satsinga skal styrke SpareBank 1 Søre Sunnmøre sin posisjon som banken for sunnmøringar, seier Stig Brautaset, administrerande direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.