Ekstremsport og forsikring

Dersom du planlegg å drive med ekstremsport i sommarferien bør du alltid sjekke kva reiseforsikringa din dekker av aktivitetar. Den mest dumdristige ekstremsporten er å reise på ferie utan reiseforsikring.

Sjekk alltid om reiseforsikringa dekker ekstremsporten du skal gjennomføre, for konsekvensane er store om uhellet skulle vere ute og forsikringa ikkje gjeld. Då kan du bli sittande med heile rekninga sjølv, seier skadeførebyggar i Fremtind, Therese Nielsen.

Og det er store summar vi snakker om. Dei mest kostbare skadene kjem opp i over millionen når man reknar med sjukehusopphald og heimsending. I tillegg kjem erstatningar for permanente skader som ein vil kunne gå glipp av.

Sjølv om reiseforsikringa har unntak for enkelte ekstremsportar er det likevel ein rekke aktivitetar som du kan bedrive utan å teikne tilleggsforsikringar.

Dekker meir enn du trur

Reiseforsikringa dekker meir enn du trur så lenge du ikkje opptrer uaktsamt. Det betyr at du kan prøve deg på aktivitetar som kayaking, freeride, rafting, klatring, longboard/skateboard og ekstremsyklingsformer som trail, downhill og BMX og samstundes vere dekka.

Dei fleste forsikringsselskap har ein del unntak, som luftsport og basehopp, seier Therese.

Dette dekkast ikkje:

  • Luftsport
  • Paraskiing
  • Dykking djupare enn 40 meter
  • Kamp-og selvforsvarssport
  • Hastighetsløp båt/motorkøyretøy
  • Basehopp
  • Ekspedisjonar
  • Utøving av yrker med høg ulykkesrisiko
  • Høgdesjukeopphald over 6 000 moh.

Ekstrem i ferien?

For mange er det nok sommeraktivitetar som dykking, klatring og parashooting etter båt som vil vere dei mest ekstreme aktivitetane dei planlegg i ferien.

Alle desse aktivitetane er innanfor reiseforsikringa. Vi reknar til dømes dykking inntil 40 meter, rafting, klatring, strikkhopp og parashooting som vanlege ferieaktivitetar. Men paragliding og tandemhopp definerer vi som luftsport og det blir ikkje dekt av reiseforsikringa, sier Therese Nielsen, og legg til:

Difor handlar det om å sette seg inn i kva reiseforsikringa dekker. Det er ein grunn til at forsikringsselskaps ikkje dekker enkelte aktivitetar som er forbundet med svært høg risiko.

Dei som likevel gjennomfører slike aktiviteter må teikne tilleggsforsikringar.

I tillegg må du alltid vise sunn fornuft, avsluttar Therese.