Motiverer dei tilsette til fysisk aktivitet

Sidan mars har SpareBank 1 Søre Sunnmøre vore med på eit treningsopplegg for å motivere dei tilsette til meir fysisk aktivitet.

Vi hadde som mål å passere 90 prosent deltaking. Ferske tal viser langt over 90 prosent deltaking og 16,6 timar fysisk aktivitet per tilsett per månad. Dette er heile 5,6 timar meir enn Folkehelsa si anbefaling på 11 timar, fortel HR-sjef i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Vidar Egset.

Motivasjonsopplegget er bestilt gjennom Avantas Aktiv som har brei erfaring frå idretts- og næringslivet. Opplegget tilbyr deltakarane over 100 ulike aktivitetar og er eit lågterskeltilbod der ein kan delta på sitt nivå. Med tilgang til treningsdagbok som også er tilgjengeleg på ein app er det enkelt å registrere alle aktivitetane.

Alle tilsette er delte opp i lag som konkurrerer mot kvarandre. Heilt sidan starten har vi opplevd at dei tilsette synast dette er eit motiverande opplegg og har vore eit heitt tema i lunsjen, fortel Egset.

Alle tilsette blir følgt opp av dagleg leiar i Avantas Aktiv, Atle Kvålsvoll, som av mange er kjend som tidlegare proffsyklist. Kvålsvoll fortel at dei er svært nøgd med responsen i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Det er utruleg positivt at aktiviteten har haldt seg på toppnivå heile vegen. Det betyr at fysisk aktivitet er noko som dei tilsette i banken tek på alvor. Med 93 ulike registrerte aktivitetar så langt må ein kunne seie at det tilsette i SpareBank 1 Søre Sunnmøre er svært allsidige, fortel Kvålsvoll.

Egset håpar og trur at dette tiltaket bidreg til at fleire held seg i fysisk aktivitet som vil også slå positivt ut på banken sitt sjukefråvær.