Snart kan du abonnere på bil

Bilabonnement er ein heilt ny og enkel måte å ha bil på. Det er rimeleg, fleksibelt og du slepp overraskande reperasjonsrekningar.

Det finst allereie eit lite utval delings- og abonnementsløysningar for bil på den norske marknaden, men desse er berre tilgjengelege i begrensa omfang i enkelte norske byar. No ønsker SpareBank 1 Søre Sunnmøre å gjere bilabonnement tilgjengeleg for innbyggjarane på Sunnmøre.

Bilabonnement er ein naturleg forlengelse av vår ambisjon om å forenkle kvardagsøkonomien for folk flest. Bilen er ein av dei største utgiftspostane for nordmenn, til tross for at den i realiteten står parkert mesteparten av tida. Derfor er bil godt eigna for abonnement – også for folk som bur på Sunnmøre, seier leiar for personmarknaden i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Andre Skotheim.

AVIS med på laget

SpareBank 1 har fått bilutleigaren AVIS og deira store nettverk med seg på laget. Dermed utgjer det nye bilabonnementet den første reelle utfordraren til tradisjonelle forretningsmodellar. Tenesten skal rullast ut gradvis i løpet av det neste året.

Dette abonnementet skal gi folk tilgang til å abonnere på bil der dei bur, frå aktørar dei kan stole på. Med AVIS og dei lokale bilforhandlarane som samarbeidspartnarar er dette eit gjennomprofesjonelt og landsdekkande apparat for alt som har med bil å gjere, seier Skotheim.

Føreseieleg og enkelt

I månadsprisen inngår i praksis alt, bortsett frå drivstoff og eventuelle bompengar. Det betyr at finansiering, forsikring, trafikkforsikringsavgift, service, dekk og reparasjonar er utgifter som blir dekka i abonnementet. Det er ingen innskot eller andre investeringar. Målet er at abonnementet skal vere eit rimelegare alternativ til å eige eller å lease.

Du betalar ein fast sum i månaden for å disponere ein bil som blir opplevd som din eigen. Du kan seie opp avtalen når du vil, fortel prosjektleiaren for SpareBank 1 Bilabonnement, Svein Skovly.

Meld di interesse

Den første abonnementsbilen rullar i desse dagar ut på norske veiar, i samarbeid med AVIS Østfold. Kvar veien går kan du vere med på å bestemme.

I første omgang skal SpareBank 1 ha 100 abonnementsbiler ut på norske vegar. For at det også skal kome abonnementsbilar på Sunnmøre treng vi no innspel frå deg, seier Kommunikasjonsansvarleg i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Veronica Pilskog.

Fem fakta om nordmenn og bil

  1. Visste du at det kostar 15 kroner i timen å eige eigen bil?*
  2. Visste du at vi brukar bilen i gjennomsnitt berre 3,2 prosent av tida? I løpet av eit år står bilen parkert hele 8.480 timar
  3. Når vi brukar bilen, blir den i all hovedsak køyrt i nabolaget der vi bur. 60 prosent av alle registrerte køyreturar er på under 5 kilometer, medan 75 prosent er under 10 kilometer
  4. For folk med normalinntekt er bilen først og fremst ein nyttegjenstand som må til for å få kvardagen til å gå rundt
  5. Abonnement på bil blir føretrekt av flest når leasing, bruktbil og bilabonnement blir vurdert opp mot kvarandre

*Priseksempel: Ny bil til 500.000 kr, timepris første år.

Besøk vår nettside for meir informasjon om SpareBank 1 bilabonnement.