Innfører pensjonistdag

SpareBank 1 Søre Sunnmøre innfører pensjonistdag ein dag i månaden ved alle dei fire bankkontora.

Denne dagen skal alle rådgjevarane fristillast til å hjelpe dei som har behov med ulike gjeremål som betaling av rekningar, kontoutskrifter, transaksjonar og bruk av mobil- og nettbank. Om køa er stor så kan dei frammøtte slå av ein prat over ein kaffe og noko godt å bite i. Bankkontora er sjølvsagt også open for andre kundar slik som alle andre dagar.

Første pensjonistdag er satt til fredag 18. oktober og banksjefane ved dei fire kontora gler seg. Frå venstre: Ole-Magnus Orlien (Ørsta), Lillian Kleven Breivik (Ulsteinvik), Arne Lothe (Volda) og Henning Karlsen (Fosnavåg).