Korleis ta vare på dei eldre?

I juni skreiv eg kommentaren «Kva er framtidas bank?», der eg peika på at digitaliseringstrenden har vorte ei utfordring i kvardagen for dei eldre. Etter publiseringa fekk eg mykje positiv respons. Til og med ein lokal pensjonist sendte meg eit handskrive kort og takka for at lokalbanken ønsker å ta vare på dei eldre. Denne lovnaden skal vi halde.  

Etter mange år i bank har eg opplevd enorme endringar. Eg hugsar vagt den store køa i alle skrankane i den lokale banken. Ikkje var der kølappsystem heller. Her måtte ein pent halde plassen sin for å få betalt rekningane sine, overføre pengar til kona, eller kanskje til sonen som studerte i Oslo. I tillegg måtte ein sjølvsagt passe på å ha nok kontantar til laurdagshandelen. Minibankar fanst ikkje. No er mange minibankar vekk, då bruken av kontantar rasar nedover. I dag er det Vipps og kredittkort som gjeld. Kredittkort ja, akkurat det er ei anna utfordring som du heilt sikkert får høyre meir om i nær framtid. Heldigvis har det vorte veldig lettvint å sende pengar til barna som treng litt ekstra. Berre eit par tastetrykk så er pengane på konto. For berre få år sidan kunne dette ta 1-3 dagar. Og var det fredag, ja då kunne du risikere å vente heilt til måndag før pengane var på konto.

Eg ser og innrømmer at vi i bank ikkje har behandla dei eldre så godt som dei fortjenar. Vi er mindre fysisk tilgjengelege og skrankar i mange bankar bytta ut med sterile venterom der du må ha avtalt time på førehand. Det å ha avtalt ein time er i utgangspunktet ein god ting, tenker eg. Då er vi i banken førebudd når du kjem og vi er 100 prosent tilstades med deg og dine gjeremål. Utfordringa for mange er at mykje er digitalisert. Vi har gått frå skranke til brevgiro, vidare til avtalegiro og nettgiro og no går mykje via e-faktura. Her må en verkeleg henge med. Alle seier at dette er enkelt og bra. Det er det også. Men då må ein henge med i den digitale verden eller ha nokon som kan hjelpe seg, det er ikkje alle som har. Økonomi er også personleg. Det er ikkje alltid like lett å be om hjelp. Ikkje alle ønsker å vise fram sin økonomiske situasjon. Det er forståeleg. Mange opplev nok også at det er litt flaut og ikkje henge med slik at ein kan bruke alle desse flotte applikasjonane på mobiltelefonen som bankane har utvikla. Og utviklinga kjem ikkje til å stoppe opp.

Det er trist at det å betale rekningar eller halde seg med kontantar skal vere ei stor utfordring for mange eldre. Her må vi bankane skjerpe oss og finne løysingar for å behandle dei eldre på ein betre måte. Bankane har eit samfunnsansvar og dette må vi ikkje ta lett på. Samstundes er det hard konkurranse og vi må vere effektive og jobbe smart. For å kunne klare dette vil vi vurdere ein gang i månaden å ha ein pensjonistdag, som en ekstra innsats til dei som treng hjelp til sine banktjenester. Alle rådgjevarane skal fristillast og ingen oppdrag er dumme eller kjedelege. Denne dagen skal alle få hjelp. Og om køa er stor så kan dei frammøtte slå av ein prat over ein kaffe og noko godt å bite i. For det er nemleg slik at vi har løysingar som også er gode for dei eldre, men vi må ta tolmod til å hjelpe alle i gang.

Kanskje ein slik dag kan vere vår måte som lokalbank å bidra på? Alle kundane våre er sjølvsagt velkomne alle dagar, men denne dagen skal vere spesiell. Min påstand er at mange eldre vil ha stor glede av å ha banken på ipaden eller mobiltelefonen, men mange treng litt hjelp i oppstarten. Sjølvsagt skal vi også vere tilstades fysisk, men kanskje kan vi gjere kvardagen litt enklare for våre verdifulle, eldre kundar?