Lei av å bruke fleire mobilbankar?

No kan du samle kontoane frå fleire bankar i mobilbanken vår. Slik får du full oversikt på ein plass🙂

Tidlegare i år opna vi opp for at du som er kunde hos oss kan sjå kontoinformasjonen din frå enkelte andre bankar i mobilbanken vår. Med EU-direktivet om betalingstenester (også kalla PSD2) når vi ein ny milepæl.

Alle kontoar på ein plass
Dei fleste av oss brukar fleire bankar og har til no vore nødt til å logge på fleire plassar for å få full oversikt. Med det nye EU-direktivet kan ein no samle alle kontoane frå ulike bankar på ein plass og få full oversikt i ein og same mobilbank.

Dette gir kundane våre fleire moglegheiter og betre brukaropplevingar. Vi meiner det berre er eit pluss for alle partar at bankane no blir pålagde å opne opp og gjere det enklare for kundane. Dette vil også skjerpe bankane med dei sjølvbetjente løysingane dei lagar – kundane vil kome til å bruke dei løysingane dei synest er best, uavhengig av kvar dei har kontoane sine, seier Rolf Driveklepp, banksjef Forretningsdrift- og utvikling i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, og legg til:

Vi er stolte av dei løysingane som SpareBank 1 lagar og trur dei nye reglane vil bety nye mulegheiter også for oss.

Slik legg du til konto frå annan bank