Åtvarar mot svindel

Den siste tida har det vore ein betydeleg auke i antal svindelforsøk mot norske bankkundar. – Vi ber folk vere forsiktige og ta kontakt dersom dei har ein dårleg magefølelse, seier Roy Henning Haddal, Fagsjef kreditt og juridisk i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Det er særleg to svindelmetodar som utpeikar seg.

Ber om kontoinformasjon på mail

Den eine typen svindel er det vi kallar «real time phishing». Dette er svindelforsøk på e-post, der du gjerne får beskjed om at kortet ditt er blokkert eller at du må verifisere data – til dømes telefonnummeret ditt. Trykk du på lenka får du beskjed om å taste inn kortinformasjon sin kortnummer og utløpsdato. Dermed har svindlarane kontroll over kortet ditt, fortel Bjørn Egil Espenakk, rådgjevar for betalingsformidling i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Espenakk fortel at denne forma for svindel er svært vanleg, men likevel vanskeleg å stoppe, fordi svindlarane heile tida endrar både e-post- og nettadresser. Han oppmodar alle som får ein slik e-post om å melde frå til nettsvindel@sparebank1.no.

Varsling om nye adresser og svindelforsøk er viktig informasjon for oss. Vi arbeidar aktivt med å motverke og stoppe phishing, og dette arbeidet blir enklare for oss når kundane meldar frå om mistenkeleg aktivitet, seier han.

Rammar særleg dei eldre

Det er den nye typen telefonsvindel som bekymrar banken mest. Dette er svindlarar som nyttar seg av særleg manipulative metodar, som kan vere vanskelege for kunden å avsløre. Svindlarane tek kontakt på telefon og fortel at dei ringer frå banken. Dei rettar seg ofte mot eldre personar.

Dei går bevisst på folk dei trur har mykje pengar på konto, og som er ekstra sårbare for svindel – slik eldre menneske dessverre ofte kan vere, sier Bjørn Egil Espenakk.

Følger eit mønster

Det er fleire særtrekk ved den nye forma for svindel. Dei kriminelle har gjerne såkalla «spoofet» banken sitt nummer, slik at det ser ut som dei ringer frå banken sitt kundesenter.

I tillegg snakkar dei godt norsk, og dei oppgir typiske norske namn, fortel Kjell Frode Ervik, leiar for kundesenteret i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Han minner om viktigheita av å aldri oppgi koder og passord til nokon andre.

Banken vil aldri vil be nokon om å oppgi koder og passord via e-post eller telefon. Om ein får ein slik førespurnad, er det truleg ein svindlar, seier Kjell Frode. 

Dugnad mot kriminalitet
Tidlegare denne månaden gjekk SpareBank 1 Søre Sunnmøre ut å oppmoda kundane om å kome innom banken med gyldig pass. Å innhente gyldig legitimasjon eit lovkrav frå myndigheitene og skal bidra til å forhindre ID-tjuveri, svindelforsøk og andre former for økonomisk kriminalitet.

SpareBank 1 Søre Sunnmøre sine råd for å avverge svindelforsøk

  1. Aldri oppgi kontoinformasjon, bankID-koder eller passord via mail eller telefon, uansett kven som ber om det – anten det er bank, familie, vennar eller andre.
  2. Banken din aldri vil be deg om å oppgi koder og passord via e-post eller telefon. Får du ein slik førespurnad, er det truleg ein svindlar.
  3. Har du ein dårleg magefølelse eller oppdagar at du er utsatt for svindel? Ta kontakt med banken din med ein gang! Jo kortare tid det tek før banken får beskjed, jo raskare kan dei agere og stoppe transaksjonen.
  4. Snakk med andre, særleg eldre, om metodane svindlarane brukar. Ein av dei mest effektive måtane vi kan bekjempe denne type kriminalitet på, er å spre informasjon.
  5. Sjekk avsendars e-postadresse opp mot tidlegare e-poster du har fått frå banken. Er du i tvil om e-posten kjem fra banken din, bør du kontakte banken sitt kundesenter før du klikkar på eventuelle lenker.
  6. Bruk nettbutikkar som tilbyr kjende betalingsløysningar som Verified by Visa eller Mastercard SecureCode.

Sjå våre 10 tips mot ID-tjuveri