Vi treng di hjelp for å stoppe svindlarane

Dei neste månadane får fleire av våre kundar beskjed om at dei må ta med passet sitt til banken. Målet er å forhindre ID-tjuveri, svindelforsøk og andre former for økonomisk kriminalitet.

Kvart år blir 4 prosent av alle nordmenn ramma av ID-tjuveri ifølge NorSiS og Finans Norge anslår at nordmenn er svindla for 300 millionar kroner som følge av sosial manipulasjon. Eit tiltak som kan forhindre at dei kriminelle lukkast er at bankane har gyldig og oppdatert legitimasjon på alle kundar. Difor får mange kundar melding frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre dei neste månadane med beskjed om å møte opp på nærmaste bankkontor med gyldig pass.

Dette er ein stor dugnad mot kriminalitet, der vi treng hjelp frå kundane våre. Å innhente gyldig legitimasjon er også eit lovkrav fra myndigheitene, seier administrerande direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset.

Brautaset forstår at dette kan blir opplevd som støy i ein hektisk kvardag.

Difor har SpareBank 1 Søre Sunnmøre utvida opningstidene på bankkontora i Volda, Ørsta, Fosnavåg og Ulsteinvik kvar torsdag 08.00-18.00 slik fleire skal ha høve til å stikke innom kontoret. Og vi skal brette opp ermane ekstra godt slik kopiering av pass skal gå så raskt og effektivt som mogleg.

Les meir på www.sparebanken.no/legitimasjon