Lanserer «grøne» lån

SpareBank 1 Søre Sunnmøre ønskjer å gjere det lettare for kundane å gjere gode miljøval og lanserer blant anna miljølån til null prosent rente.  

– Vi ønskjer å stimulere kundane våre til å ta grøne val, noko som vil gi oss eit meir miljøvenleg og berekraftig samfunn, seier Stig Brautaset, administrerande direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Ei heil miljøpakke
Miljølånet gir svært gunstig rente på energisparande tiltak anten du skal bygge nytt, pusse opp eller berre bytte til meir miljøvenlege energikjelder. Rentefritaket gjeld på lån inntil kr 300.000, og gjeld det første året. Etter eitt år blir renta justert opp, men vil ligge godt under ordinære vilkår på bustadlån.

– Å tilby lån til null prosent rente er eit tydeleg signal på at vi tek miljøet på alvor og ønskjer at fleire skal velje energieffektive løysingar, fortel Andre Skotheim, banksjef for personmarknaden i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Også bedrifter som ønskjer å gjere grøne investeringar vil SpareBank 1 Søre Sunnmøre påskjøne med ekstra gunstige vilkår på lån til miljøtiltak.
– Grønt næringslån er eit skreddarsydd låneprodukt til næringslivet og premierer prosjekt/tiltak med lågare rente. Vi håpar dette vil gjere det enklare for næringslivet å gjere grøne val, seier Sigrun Heltne Vartdal, banksjef for bedriftsmarknaden.

I tillegg til miljølån og grønt næringslån lanserer også banken grønt bustadlån og elbil-lån.

Frå ord til handling
SpareBank 1 Søre Sunnmøre er oppteken av å gjere ord til handling. I januar 2019 vedtok styret i banken ein strategi for samfunnsansvar og berekraft. Denne seier blant anna at SpareBank 1 Søre Sunnmøre skal ta omsyn til miljø, klima, etikk og sosiale forhold i heile banken si verksemd.

– Difor har vi arbeidd mykje med å skape engasjement blant våre tilsette og gjort ei rekkje interne tiltak – alt frå kjeldesortering til finansiering av elbilar, tilrettelegging for elsyklar og investeringar for å redusere energiforbruk i eigne bygg, seier Rolf Driveklepp, banksjef for forretningsdrift og utvikling, og legg til:

– Sjølv om dei tiltaka vi gjer har eit lokalt fokus, er det viktig å vere merksam på at dei vala den enkelte av oss gjer, har global effekt. Vi er alle nøydde til å bidra dersom vi skal hindre store konsekvensar av uønska global oppvarming. Vi ønskjer andre bankar velkomne til å gjere tilsvarande tiltak slik at effekta på miljøet blir så god som råd. Vi i SpareBank 1 Søre Sunnmøre føler oss klare for å ta miljøsatsinga vidare og er glade for å kunne lansere produkt som skal kome både miljøet og kundane til gode.

Les om våre miljøprodukt på www.sparebanken.no/miljø