Vi er klar for Oslo! 🥳

SpareBank 1 Søre Sunnmøre er heldig og har mange som bur i og rundt hovudstaden som kundar. Frå tysdag 5. november kan vi treffast fysisk på kontor i Oslo. Her kan du få hjelp til alt i frå dagleg bruk, lån, sparing, forsikringar med meir.

Kontoret vil halde ope kvar veke på følgjande tidspunkt:

Veke 45:
Tysdag: 10.00-14.00
Onsdag: 10.00-17.00
Torsdag: 08.15-14.00

Frå veke 46:
Måndag 12.00-18.00
Tysdag 10.00-14.00
Onsdag 10.00-14.00  

Du finn oss i Universitetsgata 8 (inngang Pilestredet) saman med advokatfirmaet Legalis.

Sjå her for meir informasjon om kven som vil bemanne kontoret dei ulike vekene.

Velkomen innom!