Unngå matsvinn i jula

Visste du at nordmenn kastar over 385 000 tonn mat i året? Elevar på Restaurant og matfag ved Ørsta vgs har laga ein rekkje velsmakande og kreative tips til korleis ein kan redusere matsvinnet i jula.

Juletapas

Tapas er perfekt å lage av alle moglege restar som syltaflesk, gravlaks, julesild og liknande. Vårt beste tips er at du under julehandelen tek med ein ekstra pakke hvetetortillas, ein pakke potetkake og gjerne litt sweet chili saus eller ein anna søt saus som du likar.

Krema kalkun

Ingrediensar:
500 g kalkunkjøtt av lår (evt ei blanding av bryst og lår)
100 g sopp
100 g lauk
100 g vårlauk
2 fedd kvitlauk
1 ss smør eller olje
2 dl fløte
2 dl kraft av kylling eller bruk restane av julesausen til kalkunen
1-2 ss rømme

Framgangsmåte:

  1. Kutt kjøtet i grove terningar ca 3×3 cm. Ta med skinnet.
  2. Finhakk kvitlauk og kutt lauk i terningar. Del soppen i 4 og grovkutt vårlauk.
  3. Smelt smør i ei panne eller ein kjele og tilsett finhakka kvitlauk, lauk og sopp. Steik raskt utan å brune og tilsett kalkun.
  4. Tilsett fløte og reduser til fløten vert god og tjukk. Tilsett så kraft eller sausrestar og vårlauk. Kok opp og smak til med salt og pepper. (vert sausen litt tynn når du tilset krafta så kok gryta litt før du smaker til)
  5. Tilsett ei god skei eller to med rømme.
  6. Server gjerne med kokt ris eller potet frå julemiddagen kutta i terningar og tilsett finhakka urter og smør (Sjå oppskrift under).

Bruk av potetrestar frå julemiddagen

  1. Kutt potetane i terningar
  2. Smelt litt smør i ein kjele og tilsett terningane. Sauter (steik utan å brune) til potetene er gjennomvarme. Krydre gjerne litt salt og pepper. Ta kjelen av plata og tilsett finhakka urter som t.d timian og bladpersille. Har du brødrestar kan desse godt raspast og strøast på toppen.

Lutefisk kroketter med sennepsaus

Ingrediensar:
350 g kokte poteter ( bruk sjølvsagt mandelpotet frå dagen før)
250 g beinfri kokt lutefisk
1 st sjarlottlauk
2 fedd kvitlauk
5 ss olivenolje
2 -3 eggeplomme (du har kanskje laga trollkrem til jul og då har du sikkert til overs eggeplommer..)
2 ss finhakka bladpersille eller andre urter til pynt

Til panering:
Egg
Kveitemjøl
Brødkrum
Olje til fritering (kan også steike krokettane gylne i ei steikepanne med smør)

Sennepsaus
Bruk saus frå dagen før eller lag ein saus av 1 dl majones tilsett 1 ss dijon sennep, smakt til med sukker og sitronsaft.

Framgangsmåte

  1. Mos potetene.
  2. Køyr fisk i ein foodprosessor til finhakka masse.
  3. Finhakk kvitlauk og lauk. Steik dei blanke med 5 ss olje. Tilsett fiskemassen, potetmassen og eggeplommene. Rør godt saman og smak til med salt og pepper.
  4. Form massen til kuler eller små sylinderar. Rull dei først i mel deretter i samanpiska egg og så i brødkrummen.
  5. Friter i olje til dei er gylne. La dei renne litt av på papir og server med sennepsaus, remulade eller kvitlaukmajones. Ha gjerne ein salat til.

Christmas Pie

Her er ein skikkeleg julerett der vi har brukt restar av medisterkaker og medisterpølser i fyllet. Her er mange ingrediensar, men du kan godt justere og ikkje bruke alle ingrediensane. Auk då mengden av dei du vel å bruke.

Deig
225 g hvetemel
100 g smør i terning
1 eggeplomme
1 ss extra virgin olive oil
1/2 ss havsalt/flaksalt
100 ml vatn

Fyll
400 g medisterkaker og/eller medisterpølser (kan spe på med kjøttdeig)
100 g valnøtter
100 g rosiner
1 finhakka lauk
1 finhakka selleristang
2 finhakka gulrot
1 finhakka purrelauk
2 finhakka kvitlaukfedd
100 g finhakka sopp
100 g pecan nøtter, grovhakka
100 g byggryn (må utvatnast over natta)
1 ss hvetemel
300 ml rødvin eller kvitvin
1-2 ss worchestershire sauce
300 ml kyllingkraft
1 ss tørka timian
1/2 ss ingefær malt
100 g reven cheddar eller parmesan
1 ss frisk persille
1 ss finhakka graslauk eller tørka
2 ss oliven olje
1 ss salt

Til pensling
1 egg, lettpiska

Framgangsmåte

  1. Ha mel i ein bakebolle
  2. Bland olivenolje og eggeplomme.
  3. Ha vatn, salt og smør i ein kjele og varm opp til smøret har smelta.
  4. Når smøret har smelta hell blandinga over i bakebollen med melet. Rør godt saman og rør til slutt inn oljen med eggeplommene. Ta deigen ut av bakebollen og kna den godt saman på benken. La deretter ligge 30 min i kjøleskap så den er god og kald.
  5. Kok opp byggryn med kyllingkraft. Sett til sides for avkjøling når gryna er mør.
  6. Ta medisterkaker og pølser og køyr dei i foodprosessor til fin masse. NB! Ta av skinnet av pølsene før du gjer dette.
  7. Ha olje i ein kjele og tilsett dei finhakka grønsakene. Steik til dei er blanke og tilsett medisterkakemassen. Kok i 5-6 min før du tilsett nøtter, dei kokte byggryna og resten av krydderet.
  8. Dryss på melet og rør godt saman. Tilsett så vinen og la massen småkoke til massen er god og seig og utan melsmak. Ca 15 min.
  9. Smør ei springform og ta til sides ein fjerdedel av deigen til lokk og kjevle så ut deigen til ein stor 2-3 mm tjukk sirkel. Legg sirkelen over i springsforma. La gjerne deigen henge over kanten.
  10. Kjevl ut resten av deigen til lokket.
  11. Fyll kjøtfyllet i springforma og legg på deiglokket. Hugs å pensle med egg på kanten slik at lokket limer seg godt på.
  12. Pensle lokket med egg og steik i omn på 160 grader i 40  min eller til paien er fin og gyllen.
  13. Kan serverast varm eller kald

Hamburger med pinnekjøt

Ingrediensar:
2 stk hamburgerbrød
5 pinnar pinnkjøt
1 dl raudkål (eller surkål om du likar det best)
Nokre salatblad
+ Som dressing anbefaler vi restar av julesausen.

Som andre ekstra ingrediensar anbefaler vi rester av kålrabistappe og litt sylta gulrot i skiver/terning eller sukkererter.

Framgangsmåte:

  1. Varm hamburgerbrød i omn.
  2. Vask og riv isbergsalat eller hjertesalat
  3. Varm opp raudkål
  4. Finriv pinnekjøtet (som «pulled pork») og varm det raskt litt i ein kjele.
  5. Sett saman burgeren og og fest den gjerne saman med ein grillpinne.

Riskremdessert med julekakebotn og lokk av bringebærgele

Gi riskremen ein «makeover» med denne oppskrifta. Her kan du bruke både raud saus og bringebærcoulis til å lage geleen. Du kan også berre bruke dessertsausen som den er og heller toppe kaka med knuste julekaker og hakka sjokolade.

Botn til riskrem dessert
200 g Pepperkaker (evt andre julekaker)
75 g Meierismør

Riskrem frå julemiddagen
5 stk gelatinplater
½ dl vatn
800 g riskrem

Lokk av bringebærgele
3 dl bringebærcoulis eller vanleg raud saus
3 plate gelantin

Framgangsmåte:

  1. Smelt smør. Knus kjeksen i en food processor og bland i smelta smør. Trykk blandingen ut i ei smurt form eller små porsjonsformer/ringar.
  2. Klem vatnet ut av gelatinplatene og løys dei opp i ca ½ dl kokande varmt vatn. Avkjøl litt før du rører oppløysninga inn i kremen.
  3. Fordel kremen oppå den stekte kjeksbunnen. Sett kjølig litt før du legg på gelelokket.
  4. For å lage gelelokk legg du gelantinplater i kaldt vatn. Varm opp coulis eller bærsaus og tilsett gelantinplatene. Rør til dei har smelta. Avkjøl til romtemperatur før du legg geleen på toppen av desserten.
  5. La desserten stå kjølig i 2-3 timar før servering.

Ostekake med pepparkakebotn

Ingrediensar:
200 g peparkaker (evt andre julekaker)
75 g meierismør
5 stk gelatinplater
400 g Kremgo Naturell
3 dl kremfløte
1 dl melis

Framgangsmåte:

  1. Smelt smør. Knus kjeksen i en food processor og bland i smeltet smør.
  2. Trykk blandingen ut i en smurt form.
  3. Sett i varm steikeovn 160 grader i 7 min. Avkjøl
  4. Legg gelatinplatene i vatn, ca 5 minutt. Visp fløten til krem saman med melisen. Bland inn kremosten og rør til ein glatt krem.
  5. Klem vatnet ut av gelatinplatene og løys dei opp i ½ dl kokande varmt vatn. Avkjøl litt før du rører blandinga inn i kremen.
  6. Fordel kremen oppå den steikte kjeksbotnen. Sett kaka kjøleg i minst 3 timar, gjerne natta over.
  7. Lag gjerne eit gelelokk til toppen, eller pynt med ønska tilbehør. Kaka smakar veldig godt med raud saus, søte bær/jordbær og liknande.